Hjem
Utdanning
erasmus+

Université de Rouen-Haute Normandie og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • ByMont-Saint-Aignan
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar med gyldig studierett på bachelorprogrammet i historie. Studieretten må være gyldig i den perioden du er på utveksling. Andre interesserte studentar kan og søke, men blir prioritert etter historie-studentane. Ein må ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har tatt 60 studiepoeng, kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisingsspråket er i hovudsak fransk.

Dersom du ikkje har nok fransk-kunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Du kan enten ta deler av spesialiseringa di eller du kan velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i graden ved dette universitetet.

Ønsker du å ta deler av spesialiseringa på utveksling må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande eitt eller fleire spesifikke emne ved UiB. Vel du å ta frie studiepoeng kan du velje fritt mellom dei akademiske emna universitetet tilbyr. Emna kan ikkje overlappe med emne du har frå før.

Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studierettleiar@ahkr.uib.no

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université de Rouen er medlem i paraplysamarbeidet Normandie Université. Det er eit breiddeuniversitet med rundt 26 000 studentar, fordelte på ni fakultet og seks campusar. Den største campusen ligg i området Mont-Saint-Aignan like utanfor Rouen sentrum. Dei nest største er Pastor, som ligg i sentrum av byen, og medisinsk fakultet, som ligg like ved Universitetssjukehuset i Martainville.

Rouen er den historiske hovudstaden i Normandie og ligg nord i Frankrike, omtrent ein times togtur frå Paris. Byen har rundt 115 000 innbyggarar. Han er delt i to av elva Seinen og har mykje aktivitetar knytt til sjøfart og handel.

Bustad

Universitetet har fleire studentbustader i Rouen og nær campusområdet der internasjonale studentar har prioritet som søkarar. Ein kan søke om bustad så snart utvekslingssøknaden er innvilga. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden om ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Flott bygning
Photo:
© Université de Rouen

Informasjon