Hjem

Utdanning

erasmus+

Università degli Studi di Catania og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByCatania
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelorprogrammet i italiensk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor italiensk språk, litteratur og kultur. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelorprogrammet i italiensk blir prioritert i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i italiensk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise ut.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er italiensk.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Università degli Studi di Catania blei grunnlagt i 1434 og er det største universitetet på Sicilia med om lag 50 000 studentar. Det er statleg finansiert og har studietilbod innanfor eit breitt spekter disiplinar. I Catania ligg universitetet sine bygningar er spreidd rundt i byen. I tillegg finst det òg campusar i Ragusa og i hovudstaden Syracusa.

Catania er Sicilias nest største by, med litt over 300 000 innbyggarar og ligg på austkysten av øya, ved foten av vulkanen Etna. Dette området er det varmaste i Italia, med lange somrar og milde vintrar. Akse frå vulkanen gir eit godt jordsmonn, og det blir blant anna dyrka mykje sitrusfrukt i regionen.

Bustad

Det finst ei rekke studentbustader i og rundt byen. Innreisande utvekslingsstudentar må sjølve ta kontakt med bustadane for å avtale leige av rom, men kontaktinformasjon og praktisk informasjon finst på universitetet sine heimesider.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juni/juli.

Flott bygning
Foto:
© Università di Catania

Informasjon