Hjem
Utdanning
erasmus+

Università degli Studi della Calabria og Kjemisk institutt (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByArcavacata di Rende
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for studentar som går på bachelorprogrammet i kjemi.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Unidervisningsspråka ved universitetet er italiensk og engelsk.

Kva undervisningsspråk som gjeld for dei enkelte emna finn du informasjon om i emneskildringane. Det er naudsynt med gode forkunnskapar i italiensk for å følge undervisning i emne som berre har italiensk som undervisningsspråk. Vi anbefaler i utgangspunktet å velje emne som har engelsk som undervisningsspråk. Det er fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Les meir om krav til forkunnskapar i språk på universitetet si heimeside: http://www.unical.it/portale/international/

Kva emne kan eg ta

Ver merksam på at det er obligatoriske emne i andre og tredje studieår av bachelorprogrammet i kjemi som må dekkast inn under utvekslingsopphaldet. Det er derfor naudsynt å finne emne som kan erstatte dei obligatoriske emna du elles skulle ha tatt i same semester ved UiB. Ta tidleg kontakt med studierettleiar på e-post når du skal planlegge utvekslingsopphaldet ditt. Kontaktadressa er studierettleiar@kjemi.uib.no

Du kan òg velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i bachelorgraden. Då kan du velje fritt mellom emna universitetet tilbyr. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i innhald med emne du har tatt før, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Ver merksam på eventuelle krav til faglege forkunnskapar knytt til einskilde emne.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Università della Calabria ligg i den sør-italienske bydelen Arcavacata i kommunen Rende, 320 meter over havet. Det blei stifta i 1972, og kommunen sine 30 000 innbyggarar blir nesten dobla viss ein reknar med studentane. Universitetet kan skryte av å vere det fyrste italienske universitetet som fekk campus. Denne ligg ved sida av ei 1,3 kilometer lang hengebru. Bygningane blei teikna av Vittorio Gregotti, som òg har teikna den olympiske stadion i Barcelona. Universitetet har vore oppteke av internasjonalisering sidan starten, og samarbeider mellom anna med OECD og FN-organisasjonane UNESCO og FAO. Blant universitetet sine æresdoktorar finn vi Silvio Berlusconi.

Regionen Calabria har om lag to millionar innbyggarar og ligg i «tåa» på det italienske fastlandet. Han er både kjend for mafiaverksemd og for sin vakre natur, med fjell og lang kystlinje.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader på campus. Utvekslingsstudentar kan sende søknad om bustad via universitetet sitt internasjonale kontor.

Semesterinndeling

Oktober - februar og mars - juni

Grøntområde
Foto:
© Università degli Studi della Calabria

Informasjon