Hjem
Studentsider
erasmus+

Università degli Studi della Calabria og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByArcavacata di Rende
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Både bachelor- og masterstudentar kan reise ut på denne avtalen.

Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Università della Calabria ligg i den sør-italienske bydelen Arcavacata i kommunen Rende, 320 meter over havet. Det blei stifta i 1972, og kommunen sine 30 000 innbyggarar blir nesten dobla viss ein reknar med studentane. Universitetet kan skryte av å vere det fyrste italienske universitetet som fekk campus. Denne ligg ved sida av ei 1,3 kilometer lang hengebru. Bygningane blei teikna av Vittorio Gregotti, som òg har teikna den olympiske stadion i Barcelona. Universitetet har vore oppteke av internasjonalisering sidan starten, og samarbeider mellom anna med OECD og FN-organisasjonane UNESCO og FAO. Blant universitetet sine æresdoktorar finn vi Silvio Berlusconi.

Regionen Calabria har om lag to millionar innbyggarar og ligg i «tåa» på det italienske fastlandet. Han er både kjend for mafiaverksemd og for sin vakre natur, med fjell og lang kystlinje.

Bustad

Universitetet har eigne studentbustader på campus. Utvekslingsstudentar kan sende søknad om bustad via universitetet sitt internasjonale kontor.

Semesterinndeling

Oktober - februar og mars - juni

Grøntområde
Foto/ill.:
© Università degli Studi della Calabria

Informasjon