Hjem
Utdanning
erasmus+

Università degli Studi di Genova og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByGenova
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF), men også andre studentar som ønsker å ta filosofiemne når dei er på utveksling kan søke.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar som går på bachelor- eller masterprogram ved FOF vil bli prioriterte om det er fleire søkarar enn ledige plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i filosofi: Det passar best å reise ut i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for studieprogrammet du går på for råd og rettleiing om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise på utveksling i eit semester når du kan ta emne som frie studiepoeng.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Vi rår til at du tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.  

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Meir informasjon finn du på denne nettsida: http://www.studenti.unige.it/areaint/international-students

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Università degli Studi di Genova er eit av dei største i Italia, og ligg i byen Genova på den italienske rivieraen. Det blei grunnlagt i 1481 og er i dag eit breiddeuniversitetet med rundt 40 000 studentar. Universitetet har fleire campusar rundt i regionen Liguria, men hovudcampusen ligg i Genova. Den blei etablert rundt år 1640 og utvida på 90-talet. Her finn ein framleis det første tricolore-flagget, som studentane bar gjennom Genova sine gater 10. september 1847 for å feire nasjonal sameining og jubileet for austerrikarane si flukt.

Genova er ein hamneby med kring 700 000 innbyggarar som ligg nord i Italia ved Genovabukta. Bynamnet kjem truleg frå ligurisk og tyder «kne», basert på geografien. Byen er kjend som fødebyen til handelsmannen og oppdagingsreisande Kristoffer Columbus, og har økonomisk i stor grad vore basert på handel via sjøvegen, og stålproduksjon. Han er stadig ein viktig by for italiensk næringsliv i dag.

Bustad

Ein kan søke om studentbustad på campus, men kapasiteten på bustader er ikkje i samsvar med etterspørselen, så det vanlegaste er å finne leilegheit på den private marknaden. Det lønner seg å vere tidleg ute.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Interiør
Foto:
© Università degli Studi di Genova

Informasjon