Hjem
Utdanning
erasmus+

Università degli Studi di Messina og Kjemisk institutt (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByMessina
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for studentar som går på bachelorprogrammet i kjemi.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er italiensk og engelsk.

Kva undervisningsspråk som gjeld for dei enkelte emna finn du informasjon om i emneskildringane. Det er naudsynt med gode språklege forkunnskapar for å følge undervisning på italiensk. Vi anbefaler derfor i utgangspunktet at du vel emne som har engelsk som undervisningsspråk. Det er fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Kva emne kan eg ta

Ver merksam på at det er obligatoriske emne i andre og tredje studieår av bachelorprogrammet i kjemi som må dekkast inn under utvekslingsopphaldet. Det er derfor naudsynt å finne emne som kan erstatte dei obligatoriske emna du elles skulle ha tatt i same semester ved UiB. Ta tidleg kontakt med studierettleiar på e-post når du skal planlegge utvekslingsopphaldet ditt. Kontaktadressa er studierettleiar@kjemi.uib.no

Du kan òg velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i bachelorgraden. Då kan du velje fritt mellom emna universitetet tilbyr. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i innhald med emne du har tatt før, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Ver merksam på eventuelle krav til faglege forkunnskapar for einskilde emne.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Università degli Studi di Messina blei grunnlagt i 1548. Det er eit offentleg universitet med rundt 30 000 studentar og eit breitt fagtilbod, som dekker alle dei klassiske universitetsdisiplinane. Universitetet har fire campusar i og rundt Messina. Alle er lett tilgjengelege med offentleg transport.

Messina er ein av dei største byane på Sicilia og ligg ved Messinasundet, i det nordaustlege hjørnet av øya. Sjølve byen har om lag 250 000 innbyggarar, og storbyområdet har nærare 500 000. Byen sine viktigaste næringar er knytt til maritim handel og fruktdyrking.

Bustad

Universitetet har studentbustader i nærleiken av sine campusar, og hjelper internasjonale studentar med å finne bustad, så langt kapasiteten rekk. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Messina om ein er ute i god tid.

Semesterinndeling

Oktober - januar og mars - juni.

Informasjon