Hjem
Studentsider
bilateral

Pontificia Universidad Católica de Chile og Universitetet i Bergen (BILATERAL)

  • LandChile
  • BySantiago
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeBilateral
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

PUC Chile har karakterkrav, og søkarar må ha C i snitt eller betre når dei søker.

Avtalen er i prinsippet open for alle UiB-studentar unntatt odontologi, men det er begrensingar på kva emne som er opne for utvekslingsstudentar innanfor emneområda musikk, medisin, odontologi, biologi, økonomi, psykologi, og marknadsføring.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren for instituttet/fakultetet du høyrer til for informasjon om når i ditt studieprogram det passar å reise på utveksling.

Språk

PUC krev at utvekslingsstudentar har dokumentert gode spanskkunnskapar når dei søker om opptak (B2).

Escuela de Letras tilbyr spanskkurs på ulike nivå og lengde, i alt fire nivå. Det finst tilbod om eit tre vekers intensivkurs, med undervisning fire timar dagleg i forkant av studiestart i februar og august. Det finst òg tilbod om språkkurs på ulike nivå som blir gitt parallelt med ordinær undervisning og kan gi opptil 6 studiepoeng. Prisen tidlegare år har vore på rundt US$ 500.

Kva emne kan eg ta

PUC har eit godt emnetilbod for utanlandske studentar blant anna innanfor spansk språk og litteratur, og latinamerikastudium. Av særleg interesse er spesielle fleirfaglege årsprogram i latinamerikastudium og samtidige studium av Chile, såkalla «minors». Studentane kan sjølvsagt òg velje fritt frå det ordinære studietilbodet, og dei kan blande spesialemne og ordinære emne. Norske studentar må normalt ta 50 creditos for å få desse godkjent som tilsvarande 30 studiepoeng, men hugs at du alltid må ta kontakt med studieprogrammet ditt her ved UiB for å få informasjon om kva emne som kan førehandsgodkjennast og kor mange creditos du må ta per semester. PUC tilbyr nokre emne på engelsk, først og fremst innanfor økonomi og juss.

Studieavgift

Det er ingen studieavgift for UiB-studentar.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Pontificia Universidad Catolica de Chile (PUC) er det nest eldste og nest største universitetet i Chile. Av mange er det òg rekna som den mest prestisjetunge utdanningsinstitusjonen i landet, i tillegg til at det er ein stor forskingsinstitusjon. Universitetet har over 21 000 studentar og vektlegg blant anna humanistiske fag. Det er mykje som skjer av utanomfaglege aktivitetar på campus. Internasjonale studentar vil få tilgang til alle sportsfasilitetar og FEUC-activitetar (Student Federation of the Universidad Catolica).

Universitetet ligg i Chiles hovudstad Santiago, ein by som både er roleg, rein og ganske oversiktleg, samanlikna med andre latinamerikanske storbyar. Klimaet varierer mykje avhengig av årstida.

Bustad

Universitetet kan ordne med bustad hos vertsfamilie for dei som ønsker det. Mange studentar vel dette dei første månadene, for deretter å finne annan bustad på den private marknaden, då dette ofte er rimelegare.

Semesterinndeling

August - desember og mars - juli.

Studentrapportar

2017

Vår 2017 BASV Samanliknande politikk

Vår 2017 BASV Samanliknande politikk

15.01.2017 - 15.06.2017

Førebuingar/praktiske tips

Planlegginga mi byrja så smått i september, rundt fristen for å søke utveksling, og vart trappa opp i takt med at det nærma seg. Eg fekk god veiledning hjå studieveiledarar for utveksling på UiB, noko eg opplevde som ei tryggheit i prosessen. Ikkje la deg skremme av denne altoppslukande papirmølla søknadsarbeidet til utveksling vert omtalt å vera - litt å gjere er det, men det fullstendig overkommelig og du får heile tida informasjon om fristar og kva som trengst av apparatet på UiB.
Eg måtte søke til La Catolica ved å laste opp dokumentasjon osv. i ein dropbox, samt å søke om forhandsgodkjenning av faga eg planla å ta, og å søke om studentvisum til den chilenske ambassaden i Oslo.

I tillegg til det, måtte eg bestemme meg for når eg ville reise ned, og når eg ville reise heim igjen; bestille flybiletter. Finne eit språkkurs og finne ein stad å bu mens eg tek språkkurset. Eg resten på sparket, det vil sei at eg ikkje fant "permanent" bustad før etter eg kom ned. Eg bestemte meg dessutan for å ta språkkurset i Valparaiso, for å få by ved kysten i februar då det er full sumar i Chile då.

Undervisningsformer

Språkkurset var inneholdsrikt og godt. Spansken min forbetra seg uten tvil mykje i løpet av dei fire vekene, med intim klasseromsundervisning i nydelige Valparaiso. Eg kan anbefalar språkkursa der, eg bestemte meg for å ta både gruppetimar og privattimar på ettermiddagen, for å gje spansken eit ekstra fokus.

Pontificia Universidad Catolica de Chile, er nyleg kåra til Latin Amerikas beste universitet, og er ein prestisjetung institusjon dei fleste chilenarar berre kan drøyme om å få studere ved. Høgare utdanning er veldig dyr i Chile - ei av verdas dyraste, og med studentane mine var dermed ikkje eit særskilt representativt utvalg frå befolkninga i landet.
Undervisningsforma er noko annerledes frå det typiske norske universitet. Det er stor vekt på deltaking, ofte i form av gruppearbeid, muntlege framlegg, diskusjoner, spørsmål til salen, og uannonserte forelesningskontrollar (ein prøve i artikklane til dagens forelesning).
Udervisningsforma variera frå forelesar til forelesar, nokre emner eg tok føregjekk i stor grad som eit emne på UiB; ein stor sal med mange studentar og ein forelesar som haldt eit foredrag. Mens andre emner var med konstant spørsmålsstilling til salen, og ofte gruppearbeid kvar forelesning. Dette var ein fin måte å komme i kontakt med andre studenter på, og eg opplevde at alle tok hensyn til at spansk ikkje var mitt morsmål.

Vurdering av emnetilbodet

Emnetilbodet er breitt, og ein kan stort sett velje mellom dei aller fleste emner universitetet tilbyr, sjølv om det er nokre få satt opp spesielt for utvekslingsstudentar. Eg tok fem emner, og sjølv om du må pårekne ein del studering med den mengda var det greitt overkommelig. Eg tok følgende emner:
Interdisiplinario Derechos Humanos
Organizationes Internationales
Mujeres y politica en America Latina
Historia Chilena Contemporana
Antropologia America Latina
Emnet eg likte best var emnet om chilensk nyare historie, mykje på grunn av innhald og moglegheita til å lære meir om landet eg budde i, men også mykje grunna ein utruleg flink forelesar som skapa god stemning og lærelyst hjå studentane. Mujeres y politica en America Latina var også spanande, og dette semesteret var det ein gjesteforelesar frå Colombia, også dyktig! Emna Organizasiones og Antropologia vill eg nok ikkje valgt å tatt igjen, dei var ikkje spesielt spanande lagt opp.

Fagleg utbyte og språk

Språkleg sett hadde eg eit stort utbytte av utvekslingsoppholdet mitt i Chile. Det var ein bratt læringskurve, og utfordrande i starten. Då eg både budde og tilbrakte mesteparten av tida mi saman med chilenarar, fekk eg praktisert spansk store delar av tida, og slapp på den måten unna å havne i fella ved å bruke mest engelsk. Eg hadde også språktandem på universitetet eg snakka spansk med. Prosentandelen engelskspråklege blant den chilenske befolkning er ikkje så veldig høg, og det er difor med fordel å tørre å snakke spansk dersom du skal bli kjent med nokon utanfor "utvekslingsbobla".
Mitt faglege utbytte varierte frå fag til fag. Eg lærte mykje om det chilenske samfunnet og den politiske historia, og stakk gjerne innom på museuma og andre opne foredrag på fant stad ulike stadar i byen på kveldstid. Kvaliteten på undervisninga på La Catolica er høgt, og det eg sit igjen med fagleg gjennspeiler nettopp det.

Universitetsområdet og byen

Mitt campus San Joaquin er enormt, her finn du det som på UiB ville vert HF, MATNAT, SV, Medisinsk og Odontologisk. Campus har fontener, parker, kafear, bibliotek, fotballbane, svømmebaseng, sykkelsti og kyrkje.
I det som fungerte som vår fadderveke vart det organisert festar og turar dagleg dei fyrste to vekene, og Universitetet har ein organisasjon beståande av frivillige studentar, som veileder utvekslingsstudenter. Dei viste oss rundt på campus og forsikra oss om at døra alltid var open for å få hjelp til kva som helst.
I byrjinga var det noko vanskeleg å orientere seg på campus, men det gjekk seg fort til.
Santiago som by er stor, med med eit velfungerande metronett det er veldig greitt å bu i nærheita av, og å orientere seg etter. Eg budde eit steinkast unna stoppet Tobalaba, på grensa mellom bydelene Providencia og Las Condes. Etter tips og eigen erfaring vil eg anbefale å hovudsakleg leite etter bustad i nettopp desse bydelane, då dei er dei klart tryggaste. Santiago er generelt sett ein forholdsvis trygg by, men det er enkelte bydelar ein helst skal unngå. Gå ikkje med synlege smykker eller mobiltelefon/data/andre gjenstandar av verdi, så unngår du til ei viss grad å vere utsatt for tjuveri. I løpet av mi tid frå januar til august opplevde eg ingenting ubehagelig i Santiago.

Bustad

Eg fant eit ledig rom i eit kollektiv via facebooksida: "RoomMate and Flat Finder", kor to gutar på 27-28 delte ei leiligheit med tre soverom og var på utkikk etter ein 3. person. Eg flytta inn etter å ha bestemt meg mens eg var på visning, og betalte omlag 2500NOK i månaden, alt inkludert.
Det blei ein positiv oppleving å flytte inn i gata Encomenderos, eg blei tatt inn i varmen og invitert på familiebesøk, utflukter, bursdagsfester osv av gutane eg budde med. Me arrangerte også 17. Mai feiring kor me laga rømmegrøt og lærte vekk om Norsk nasjonaldagsfeiring, for 35 menneske frå 6 ulike land. Ein av dei eg budde med har kjøpt billetter og kjem til Norge for å besøke meg og landet eg fortalte så mykje om, det blir stas!

Sosialt miljø

Det sosiale miljøet på universitetet var bra, men ettersom det er eit stort universitet med mange tusen studentar følte eg ikkje ofte at eg såg dei same ansikta igjen. Eg tilbrakte ein del tid på campus med venner eg fekk via språktandemet mitt, samt andre internasjonale studentar. Eg vart kjent med fleire eg endte opp å tilbringe mykje tid med i løpet av semesteret, under språkkurset når eg budde i Valparaiso. Det er enkelt å hoppe på bussen som tar ein times tid frå Santiago, for å tilbringe helga ved kysten. Sosialt sett hadde eg det veldig bra i Chile, folk var lett å komme i kontakt med, og eg opplevde at alle var imøtekommande og interesserte i å bli kjent med meg. Det sosiale var ikkje ei stor utfordring. Mitt tips for å "lykkast sosialt" må vere å tørre å gå utanfor komforsona, takke ja til invitasjoner og å vere spontan. Det var fleire det var trist å reise frå, heldigvis kjem fleire og besøker meg her i Bergen framover, og så må det nok bli ein tur tilbake om ikkje så alt for lenge.

Informasjon