Hjem
Utdanning
erasmus+

Université Grenoble Alpes og Institutt for geovitenskap (ERASMUS+)

  • LandFrankrike
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogramma i geovitskap.Avtalen kan og benyttast av lektorstudenter som har geovitskap som eitt av sine fag. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geovitskapstudentane.

Ver merksam på at det krevst eit karaktersnitt på C eller betre for å bli nominert til ein av Institutt for geovitskap sine Erasmus+-avtalar. Nokre universitet kan òg ha krav om høgare karaktersnitt enn dette.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har oppnådd 60 studiepoeng, kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For studentar på bachelorprogrammet i geovitskap, er det tilrådd å reise på utveksling i 6. semester. Du må ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Språk

Undervisningsspråket ved Université Joseph Fourier - Grenoble I er i hovudsak fransk. Universitetet tilbyr språkkurs i fransk før vårsemesteret. Université Joseph Fourier - Grenoble I krev ikkje dokumentasjon på språkkunnskapar.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Gjennom Institutt for geovitenskap sin Erasmus+-avtale med Université Joseph Fourier - Grenoble I (UJF), kan du velje mellom ei rekke emne innanfor både geologi og geofysikk. UJF er blant anna sterke på geodynamikk, geodynamisk modellering, strukturgeologi, seismologi, seismotektonikk, sedimentologi og kvartærgeologi.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studieveileder@geo.uib.no.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Université Joseph Fourier (UJF) er ein del av paraplysamarbeidet Université Grenoble Alpes. Det blei grunnlagt i 1970, og har i dag om lag 18 000 studentar. Universitetet fokuserer på fagområde knytt til naturvitskap, teknologi, medisin og helsefag. I tillegg til fakultetseiningane har UJF òg eit stort observatorium, ein alpin botanisk hage og ei rekke forskingslaboratorium. Universitetet sin hovudcampus ligg aust for byen, i Saint-Martin-d'Hères.

Grenoble ligg søraust i Frankrike. Sjølve byen har om lag 160 000 innbyggarar, i storbyområdet bur rundt ein halv million. Grenoble er omkrinsa av fjell og blir ofte kalla for Alpane sin hovudstad. Byen er eit populært utfartspunkt for friluftsliv og skisport. Tidlegare har det òg vore mykje industri og gruvedrift i området.

Bustad

Det finst studentbustader både på campus og nærare sentrum. Dei fleste er drifta av studentsamskipnaden CROUS. Det kan vere vanskeleg å finne bustad på den private marknaden rundt semesterstart. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).

Semesterinndeling

September - desember og januar - juni.

Informasjon