Université Gustave Eiffel og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)
- LandFrankrike
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor og Master
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogrammet i fransk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor fransk språk, litteratur og kultur. Det er eit krav at du skal ha bestått minst 60 studiepoeng før du avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.
Studentar som går på bachelor- og masterprogrammet i fransk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.
Når i studiet kan eg reise
Bachelorstudentar i fransk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestra av bachelorprogrammet.
Masterstudentar i fransk: Det passar best å reise ut i 2. semester av masterprogrammet.
Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studierettleiaren din i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise ut.
Språk
Undervisningsspråket er fransk.
Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod dei har, og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester.
Kva emne kan eg ta
Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.
Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Universitetet Paris-Est Marne-la-Vallée (UPEM) blei grunnlagt i 1991, og er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 11 000 studentar. Det er medlem i paraplysamarbeidet Université Paris-Est. Hovudcampusen er Cité Descartes, i Marne-la-Vallée. I tillegg finst mindre campusar i Meaux og Serris.
Marne-la-Vallée er ein fransk by med rundt 300 000 innbyggarar, som sidan 60-talet har vakse fram i det folketette forstadsområdet om lag halvanna mil søraust for Paris. I kraft av å vere nybygd, skil byen seg ut med ein atypisk struktur og arkitektur. Han er òg kjent for Disneyland Paris, som kvart år trekker rundt 16 millionar turistar til Marne-la-Vallée.
Bustad
Universitetet sitt internasjonale kontor har eit avgrensa tal studentbustader til disposisjon gjennom samarbeid med studentsamskipnaden CROUS, men garanterer ikkje at alle søkarar får tilslag. Etterspørselen på den private marknaden i området er stor, så det er viktig å vere tidleg ute. Norske studentar i Frankrike kan søke om økonomisk stønad frå Caisse d'allocations familiales (CAF).
Semesterinndeling
September - januar og januar - mai/juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttps://www.univ-gustave-eiffel.fr/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7565
- FagnavnSpråkfag