Hjem
Studentsider
erasmus+

University College Dublin - National University of Ireland, Dublin og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (ERASMUS+)

  • LandIrland
  • ByDublin
  • Studieplassar1
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar med gyldig studierett på bachelorprogrammet i historie. Studieretten må være gyldig i den perioden du er på utveksling. Andre interesserte studentar kan og søkje, men blir prioriterte etter historie- studentane. Ein må ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvararande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen.

Språk

Undervisingsspråket ved lærestaden er engelsk.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Du kan enten ta deler av spesialiseringa di ved dette universitetet, eller du kan velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i graden din.

Ønsker du å ta deler av spesialiseringa på utveksling må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande eitt eller fleire spesifikke emne ved UiB. Vel du å ta frie studiepoeng kan du velje fritt mellom dei akademiske emna universitetet tilbyr. Emna kan ikkje overlappe med emne du har frå før.

Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studierettleiar@ahkr.uib.no

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University College Dublin (UCD) er Irlands største og mest mangfoldige universitet. Det tilbyr disiplinar fordelt på sju fakultet - College of Agriculture, Food Science & Veterinary Medicine, College of Arts & Celtic Studies, College of Business & Law, College of Engineering & Architecture, College of Health Sciences, College of Human Sciences, College of Science. UCD har røter tilbake til 1854, då Catholic University of Ireland blei grunnlagt, og er i dag eit moderne universitet med over 22 000 studentar. Campus er stort og frodig og ligg om lag 5 kilometer sør for bysentrum.

Dublin er Irlands hovudstad og har om lag 1 million innbyggarar, dersom ein reknar med områda utanfor bykjernen. Byen ligg på austkysten av Irland og vart sete for eit norsk kongedøme kring år 840, etter at norske vikingar inntok området og laga ein festning der.

Bustad

Erasmus-studentar kan søke om bustad på campus, men kapasiteten er dårleg, så det kan vera svært vanskeleg å få. Internasjonalt kontor ved UCD kan hjelpe til med å finne bustad utanfor campus.

Semesterinndeling

September til desember og januar til mai.

Studentrapportar

2020

Haust 2019/vår 2020 - Ba i arkeologi

Haust 2019/vår 2020 - Ba i arkeologi

15.08.2019 - 15.06.2020

Førebuingar/praktiske tips

Før ein reiser er det mykje som må gjerast, så førebu deg på det. I tillegg til studiet kan det verte mykje å gjere. Det kan også vere lurt å lese seg opp på landet ein reiser til. Eg reiste til Irland, og det var annleis enn det eg hadde sett på TV og film. Det seier seg kanskje sjølv, men eg vart sjokkert då det ikkje var slik eg hadde trudd til å byrje med.

Undervisningsformer

På UCD vart det brukt ulike undervisningsformer. I tillegg til førelesningar vart det tatt i bruk seminarer, quizzer og fleire oppgaver ein måtte levere i løpet av semesteret i tillegg til eksamenar. Det er mykje å halde styr på, men om ein frå byrjinga av organiserer seg så går det fint. Tatt i betraktning at dei fleste moduler berre gir 5 studiepoeng kan ein verte naudt til å ta seks ulike moduler. Det gjorde eg, og det var mykje arbeid. Om mogleg bør ein ta mindre for å få betre tid på kvart fag.

Vurdering av emnetilbodet

Dei hadde langt fleire tilbod enn på UIB i mitt emne; arkeologi. På uib får ein ikkje gjort mykje praktisk når det kjem til arkeologi, men i Dublin var det tilbod om eit fag der ein lærte å utføre feltarbeid, og andre fag som eksperimentell arkeologi der ein gjenskapte arkeologiske funn på eigenhand. Eg vil dermed seie at tilbodet er svært godt, men noko som trekk det ned litt er at mange av dei fokuserer på irsk arkeologi. Eg tok emne innan historie òg, og syntes at desse var svært varierte og interessante.

Fagleg utbyte og språk

Eg har det same nivået på engelsk som då eg drog ut, ifølgje språktesten. Likevel føler eg at eg har lært mange nye ord enn eg kunne før, både lokale ord og uttrykk og faglege uttrykk. Eg lærte mykje meir fagleg sett enn eg ville gjort i Noreg også.

Universitetsområdet og byen

UCD er eit veldig fint universitet, med stort areal og alt ein treng samla på ein stad. Trass i dette er universitetet ca. 40 minutt med buss unna byen, og om ein vel å bu i sentrum av Dublin må ein førebue seg på mykje reising. Eg ville anbefalt å bu på campus, då dette er meir sosialt og ein sit igjen med meir overskot når ein slepp å reise så mykje.

Bustad

Det er veldig dyrt i Dublin, så det vert dyrare enn tilsvarande i Noreg. Der eg budde var det ikkje særleg fint, men til gjengjeld var det dyrt. Ein stor grunn til dette kan ha vore boligkrisen som var akkurat då eg reiste ut, men prisane kan sjølvsagt endre seg i framtida.

Sosialt miljø

Det er mange klubbar og liknande på universitetet. Desse kan vere vanskelege å vere aktive i om ein bur i sentrum av Dublin, men om ein har få emner er det nok lettare å ha overskot til å reise fram og tilbake for å vere aktive i dei.

2018

Vår 2018 - BA i filosofi

Vår 2018 - BA i filosofi

15.01.2018 - 15.06.2018

Førebuingar/praktiske tips

Boligmarkedet: På grunn av et vanskelig boligmarked burde man reise ned for å finne bolig. Jeg har hørt flere historier om folk som har blitt lurt og/eller skuffet over bostandard på rommet som de flyttet inn i usett.

Undervisningsformer

Formene for undervisning var de følgende: Seminar-modell, forelesning og tutorials. Tutorials minner mer om seminar-modeller på UIB. Det de kalte for seminar var en slags kollektiv samtale mellom klasse og professor.

Eksamen:
De aller fleste fag har både skoleeksamen og en skriftlig oppgave.

Vurdering av emnetilbodet

Filosofiske Fakultet på UCD:

Jeg opplevde at skolen hadde et bredt tilbud når det gjaldt emner. Man kan si mye forskjellig om større universiteter, som jo University College Dublin er, men det som beriker et større universitet er økte muligheter i fag og om filosofer jeg ellers ikke ville hatt mulighet til å fordype meg i.

Fagleg utbyte og språk

Faglig utbytte:

Når det kommer til det faglige utbyttet vil dette være knyttet til denne friheten og mangfoldet når det kommer til valg av fag. Jeg ønsker blant annet å trekke frem et fag som fokuserte utelukkende på den Franske filosofen Maurice Merleau-Ponty. Jeg føler meg veldig privilegert som har kunnet velge en rekke fag jeg ellers ikke ville hatt mulighet til ved andre universiteter.

Språk
I Dublin foregår alt av undervisning på Engelsk. Til tross for at så og si hele den Norske befolkning snakker engelsk flytende så er det mye man lærer språklig i løpet av utvekslingsopphold. At alt av pensum er på Engelsk vil også bidra til større ferdigheter til å lese akademiske tekster publisert på engelsk.

Universitetsområdet og byen

UCD

UCD sitt universitetsområde er et stykke utenfor sentrum med en rekke brutalistiske bygninger. Jeg vil ikke hevde at det er den peneste campus, men den er oversiktlig og har det du trenger.

Dublin som en by er nydelig. En rik historie med et voldsomt fokus på sine stolte litterære tradisjoner. Det eksisterer en utrolig mengde puber i byen og Irer er kjent for sin inkluderende og unike "pubkultur". Videre er det flere flotte museer. Det er en by som enn så lenge har klart å unngå den type gentrifisering som man ser i andre storbyer. For å sette pris på sjarmen til Dublin, kan det være lurt å se det vakre i noe som oppleves litt "gritty".

Bustad

Mellom UCD og Byen:

Først og fremst er det viktig å nevne at det er utrolig dyrt å bo i Dublin. De går gjennom en form for housing crisis og dermed er det både vanskelig og dyrt å få seg bolig. Jeg ønsket ikke å bo på campus og bosatte meg dermed mellom UCD og sentrum. Min tanke var at slik ville jeg oppleve mer av selve byen. Dette var nok noe dyrere enn å bo på campus, men jeg angrer ikke. Uavhengig av min opplevelse, kjenner jeg folk som bodde på campus og syntes det var greit.

Sosialt miljø

Ulike klubber:

Det er nok viktig å melde seg inn i en rekke klubber for å opparbeide seg et sosialt miljø på universitet. Det er et veldig stort universitet, noe som gjør at det kan virke vanskeligere å bli kjent med folk. Derfor er mitt tips å melde seg inn i klubber slik at det ikke blir så overveldende. Selv var jeg med i en filmklubb, irsk folkemusikk-klubb og en klubb for utvekslingselever.

Informasjon