Hjem
Utdanning
erasmus+

Klaipedos universitetas og Institutt for informatikk (ERASMUS+)

  • LandLitauen
  • ByKlaipëda
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar ved UiB kan søke, men studentar tilknytt Institutt for informatikk vil ha førsteprioritet dersom det er fleire søkarar enn det er ledige plassar. Det er krav om at du skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorprogramma ved Institutt for informatikk tilrettelegg for at studentar kan dra på utveksling i 6. semester, men det er og mogleg å dra tidlegare i studieløpet.

Språk

Klaipëda University tilbyr emne både på engelsk og litauisk.

Kva emne kan eg ta

Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Klaipëda University blei grunnlagt i 1991. Det har i dag over 6500 studentar, fordelte på sju fakultet. Ein kan merke at universitetet ligg i den einaste hamnebyen i Litauen, då dette er det einaste universitetet i landet som tilbyr studium innan felta oseanografi, undervassarkeologi og hamneteknologi. Det har òg ein eigen yacht, samt det største skuleskipet i Litauen. Desse båtane blir brukt til opplæring og marine tokt. Universitetet si dansegruppe Zuvedra har vunne EM og VM i sportsdans fleire gonger.

Klaipëda har rundt 160 000 innbyggarar, og ligg ved Østersjøen ved munninga av elva Nemunas. Herfrå finst det ferjesamband til Danmark, Sverige og Tyskland. Det er heller ikkje langt til badebyane Nida og Palanga.

Bustad

Internasjonale studentar kan søke om studentbustad på to stader i Klaipëda, enten i sentrumskjernen eller på bustader som ligg i sørenden av byen. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Flott bygning
Foto:
© Klaipëda University

Informasjon