Hjem

Utdanning

erasmus+

Vytautas Magnus University og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandLitauen
  • ByKaunas
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelor eller masterprogram i psykologi ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor og masterstudentar i psykologi reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. valsemester og i sitt 7. semester.

God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

Språkkrav: B2

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av både vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågare og høgare grad (BA/MA).

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

 

Masterstudentar: Du skal ta frie studiepoeng, og kan velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

 

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan òg reise ut i ditt valsemester (5. semester) og ta valfrie emner. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet. .

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Vytautas Magnus University blei grunnlagt under mellomkrigstida, i 1922, som eit alternativt nasjonalt universitet til Vilnius University, i perioden då Vilnius var annektert av Polen. Det fekk sitt noverande namn i 1930, til minne om nasjonalhelten Vytautas den Store, som stod bak Litauen sin største ekspansjon på 1400-talet. Universitetet har rundt 9000 studentar. Studentane her har relativt stor fridom til å skreddarsy utdanningsplanen sin samanlikna med kva som er vanleg ved andre universitet i Litauen. Universitetet har eit eige universitetsteater og arrangerer ein årviss jazzfestival, kor musikkakademiet sine førelesarar og studentar bidreg.

Kaunas ligg sentralt i Litauen, og er den nest største byen i landet, med om lag 360 000 innbyggarar. Han var hovudstad mellom 1922 og 1940 då Polen okkuperte Vilnius. Byen har mange parkar og grøntområde.

Bustad

Universitetet har studentbustader sentralt i Kaunas der internasjonale studentar kan søke om rom. Det er i hovudsak snakk om dobbeltrom som ein deler med ein annan student. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private leigemarknaden i Kaunas.

Semesterinndeling

August - desember og februar - juni.

brukt_vytautas_magnus_university_litauen.jpg

Bygg på campus
Foto:
© Vytautas Magnus University

Informasjon