Hjem

Utdanning

erasmus+

Vytautas Magnus University og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandLitauen
  • ByKaunas
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i teatervitskap, og andre studentar som ønsker å ta emne i teatervitskap medan dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram i teatervitskap vil bli prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i teatervitskap: Det passar best å reise ut i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet. Det er tilrådd å ta emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Masterstudentar i teatervitskap: Det passar best å reise ut i andre semester av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet ditt i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise ut.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er litauisk og engelsk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa di, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande emne i teatervitskap ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du velje emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng. Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Vytautas Magnus University blei grunnlagt under mellomkrigstida, i 1922, som eit alternativt nasjonalt universitet til Vilnius University, i perioden då Vilnius var annektert av Polen. Det fekk sitt noverande namn i 1930, til minne om nasjonalhelten Vytautas den Store, som stod bak Litauen sin største ekspansjon på 1400-talet. Universitetet har rundt 9000 studentar. Studentane her har relativt stor fridom til å skreddarsy utdanningsplanen sin samanlikna med kva som er vanleg ved andre universitet i Litauen. Universitetet har eit eige universitetsteater og arrangerer ein årviss jazzfestival, kor musikkakademiet sine førelesarar og studentar bidreg.

Kaunas ligg sentralt i Litauen, og er den nest største byen i landet, med om lag 360 000 innbyggarar. Han var hovudstad mellom 1922 og 1940 då Polen okkuperte Vilnius. Byen har mange parkar og grøntområde.

Bustad

Universitetet har studentbustader sentralt i Kaunas der internasjonale studentar kan søke om rom. Det er i hovudsak snakk om dobbeltrom som ein deler med ein annan student. Det er òg gode sjansar for å finne rimeleg prisa bustad på den private leigemarknaden i Kaunas.

Semesterinndeling

August - desember og februar - juni.

Bygg på campus
Foto:
© Vytautas Magnus University

Informasjon