Hjem
Studentsider
erasmus+

Vilnius University og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandLitauen
  • ByVilnius
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Institutt for samanliknande politikk har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen. Søkarar frå andre fagområde kan vurderast om det er ledige plassar. Søkarar må ha tatt minst 60 studiepoeng ved utreise.

Når i studiet kan eg reise

Normalt passar det best å reise ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Merk at eksamensperioden for haustsemesteret varer til slutten av januar.

Sjå fakultetet sine nettsider for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk. Universitetet anbefaler at du har forskunnskapar tilsvarande B1-nivå etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse (CEFR) i engelsk.

Kva emne kan eg ta

Universitetet i Vilnius tilbyr ei rekke emne innanfor blant anna politikk, historie og rettsvitskap. På denne nettsida finn du oversikt over emnetilbodet på engelsk.

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. Kvart emne gir mellom 5-10 ECTS.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Vilnius University er det eldste universitetet på Baltikum, og det største universitetet i Litauen. Det var lenge det einaste universitetet i landet, og har vore viktig for bevaring av kulturelle og vitskapelege tradisjonar. I dag har det over 20 000 studentar. Om lag 800 av desse er utvekslingsstudentar. Hovudcampusen ligg i Vilnius sin gamleby. Her held administrasjonen til, samt ei kyrkje, biblioteket, eit astronomisk observatorium frå 1700-talet og fire av dei tolv fakulteta. Dei andre fire campusane er plasserte i sentrum, med unntak av ein som ligg i bydelen Antakalnis.

Vilnius er Litauen sin hovudstad, og ligg søraust i landet. Han har over ein halv million innbyggarar, og har sidan Sovjetunionens fall utvikla seg til å bli ein moderne, vestleg by. Det historiske sentrum i Vilnius står oppført på UNESCO si verdsarvliste. I byen står det òg ein statue av Frank Zappa, trass i at den provokative rockemusikaren verken stammar frå byen, eller har spela der.

Bustad

Internasjonale studentar kan søke om bustad på ein av universitetet sine tre studentheimar, som alle ligg i nærleiken av campus. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Vilnius.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Studentrapportar

2021

BA i sosialantropologi - haust 2021

BA i sosialantropologi - haust 2021

15.08.2021 - 31.12.2021

Førebuingar/praktiske tips

Spar penger, ting er alltid dyrere enn du tenker deg. Det å være sosialt i et billig land, innebærer ofte penger, som å spise på cafe, spise i parken, gå på museum, noe godt i glasset eller bare andre opplevelser, som å reise til andre steder.

Sjekk opp bostedet ditt ordentlig føre tur! Standarden er ikke som i Norge, og det var mange som ikke ble boende i dormsene skolen tilbyr! Mange strevde med å finne ny plass og bo, så det er lurt å være føre-var. Jeg endte opp med å flytte første uken, til Chapters, 3x så dyrt men 100x bedre standard.

Helfo kort og forsikring er et must! Ting skjer på de verste tidspunkt. Om man trenger legehjelp, ta med deg en lokal. Mange sykehus, alle skilt står på litauisk, svære bygg, og få snakker engelsk.

Undervisningsformer

Under corona ble det hele tiden vurdert om det va trygt å reise på skolen. Vi måtte vise corona pass for å komme inn, ellers fungerte timene som typiske norske timer i små klasser. Mye diskusjon og innvolvering av elevene, men med respekt av at alle ikke vil være like aktive. Lærerene har tilsammen 6 poeng de kan gi ut i klassene. 3 til de som er mest aktive og involverte i timene, 2 til den som er hakke under, 1 til den under der igjen, som også bidrar til å få karakteren opp!

Vurdering av emnetilbodet

Jeg syns de hadde veldig mange gode emner og det var lett og bytte om ting ikke virket helt for deg. De hadde mange ulike emner innenfor studiene, noen litt likere enn andre, men jeg hadde absolutt ikke problem med å finne flere som virket interessante.

Fagleg utbyte og språk

De var relativt flinke i Engelsk. Noen strevde med og finne ord og formulere ordentlige setninger, men man skjønte alltid hva de ville frem til. Ingenting å klage på, da det ikke er morsmålet.

Universitetsområdet og byen

Byen var helt magisk! kjempe mange flotte bygninger, masse fine parker, lett og komme seg plasser. Billig med bolt om bussene ikke gikk.
Mange fine museum, som også er gratis på søndager. Veldig turistvennlig om man ser vekk i fra at alt står på litauisk.

Universitetsområdet var gigantisk og spredd rundt og forbi hele byen. Siden jeg endte opp med å flytte måtte jeg ta bussen et stykke til mitt fakultet, men det var ikke ille. Veldig flott bibliotek, og ikke vanskelig å finne frem til rett bygning.

Bustad

Erasmus byggene, eller dorms´a er i ekstremt dårlig standard. Skittene og nedslitte rom, knøtt små, og man må dele dusj med en halv etasje, typ 15 folk, det samme med kjøkken. Dette er oppskriften på skittene dusjer, og skittent kjøkken. Hadde jeg ikke funnet en ny plass og bo, hadde jeg avsluttet utvekslingen min første uken. Det var veldig mange som ble boende der og klarte seg, men jeg vil absolutt ikke anbefale det. Chapters er et fancy kollektiv så man får samme følelse som å leve på dorms, men standarden er veldig mye høyere.

Sosialt miljø

Fra første uke la skolen opp ti mye sosiale aktiviteter, nesten som fadderuken, uten drikkepress, men med tilgang til alkohol. De hadde matmessen og guidet tur rundt byen på dagen, og aktiviteter som pub quiz og karaoke på kvelden. Dette hjalp veldig med å bli kjent med folk og mine venner og jeg holdt sammen resten av semesteret. Alle var imøtekommende, glade, og veldig gira på å bli kjent med folk. Det var lett og finne på ting, utforske byen og landet. Vi reiste til andre siden av landet, til en kjempefin strand, fløy i varmluftsballong, og ikke minst prøvde masse lokal mat.

Integrert master i musikkterapi - haust 2021

Integrert master i musikkterapi - haust 2021

15.08.2021 - 31.12.2021

Førebuingar/praktiske tips

Det må presiserast at i førebuinga til mi utveksling var det koronatider, aka mykje usikkerheit. Det var då essensielt med god kommunikasjon med utvekslingskoordinatorane både ved universitetet heime og utvekslingsinstutisjonen. Elles er det nok lurt å lage seg check-lister med alt ein må gjere gjennom søknadsprosessen. For min del hjalp det mykje då alle ulike dokumenter til ulike ansvarlege og søknader om diverse godkjenningar, føltast veldig rotete og overveldande. Men det må seiast; styret er vel verdt det! Ein god reiseforsikring og eit oppdatert helsekort er også noko som er viktig å få unnagjort i god tid.

Undervisningsformer

Eg valgte tre teoretisk fag berekna for utvekslingselever, og tre meir praktiske fag som var på litauisk. Fem av seks fag vart haldt fysisk; både seminar, forelesningar og praksisfaga. Noko eg er svært takknemlig for, situasjonen tatt i betraktning. I alle faga hadde eg ein fast professor/undervisar. Mykje lik undervisning som eg er vant til, einaste forskjellen var fleire presentasjonar i nesten alle faga.

Vurdering av emnetilbodet

Då eg var fyrste utvekslingsstudenten til studieprogrammed mitt, vil eg påstå at emnetilbodet var relativt bra. Dei tilpassa visse fag til meg, og resten valte eg frå dei generelle utvekslingsfaga der eg kunne velge frå eit breitt utval ulike fakultet. Det må understrekast at eg fiksa mykje sjølv, då dei som sagt ikkje var vandt med å få musikkterapi-student til denne skulen.

Fagleg utbyte og språk

Eg var svært nøgd med faga mine då alle var både relevante og interessante. Det var som sagt nokre fag som ikkje var på engelsk, då oversatte ein medstudent til meg. Dette var på den eine sida veldig fint, då eg automatisk fekk ein bekjent i klassa, men på den andre sida vart undervisninga litt amputert då det er ein del som blir "lost in translation". Men sidan faga var mest praktisk, gjekk det likevel fint, så eg angrar verkeleg ikkje.

Universitetsområdet og byen

Litauen og Vilnius er undervurdert, spør du meg. For det fyrste er det eit billig land å både reise og oppholde seg i. Veldig fint som student som har lyst til å utforske og nyte, med andre ord. Vilnius har ein vakker UNESCO-verna gamleby, men også ein moderne del med alle butikkar og kafear ein treng. Det er også ein svært grøn by, med parker og skoger litt overalt. Byen er nokså stor, men ikkje så stor at ein ikkje kan bli kjent. Undervisninga skjer gjerne ulike stader i byen også, så ein vert automatisk kjent med staden. Det må også nemnast at universitetet sitt hovedbygg er eit det eldste i heile Europa.

Bustad

Før eg reiste til Vilnius hadde eg bestilt meg ein dorm som var berekna studentar ved universitetet. Denne kost 80 euro i mnd (behageleg billeg) men eg fann inga bilete før eg reiste (noko eg burde ha sett på som eit raudt flagg). Det rommet som møtte meg var langt under det eg hadde sett føre meg, sjølv med låge forventningar. Saman med ei eg vart kjent med, fann vi heldigvis ein ny plass å bu. Eg håper dette kan vere til lærdom for andre.

Sosialt miljø

Erasmus er verkeleg ein god mulighet til å skaffe seg kontaktar verda over. Eg har inntrykk av at alle som reiser på utveksling har ein innstilling om å vere utadvendt og hyggeleg. Dessutan dukkar det alltid opp arrangement der ein møtar folk, og plutseleg arrangerar ein turar og festar i lag. Det er rett og slett ein fare for at ein gløymer å studere og å bli kjent med dei "lokale". Eg budde i ein slags "student-blokk", som var tilrettelagt med fellesområder slik at ein kunne vere sosial, men samtidig hadde private rom. Vil anbefale det om mulig! Vidare må det seiast at eg på dette semesteret innsåg at landet ein reiser til eller faga ein tar ikkje er det viktigaste. På eit slikt halvår lærer ein så mykje om seg sjølv, møter nye kule folk, og opplever ting ein ikkje ville gjort heime. Det er 100% denne "explorer"-kjensla eg kjem til å sakne mest.

Vår 2021 - BA i sosialantropologi

Vår 2021 - BA i sosialantropologi

15.01.2021 - 15.06.2021

Førebuingar/praktiske tips

Les deg opp på universitet og søk opp om Erasmus erfaring fra tidligere elever. Samt, byen og hva det er å gjøre.

Undervisningsformer

All undervisning mitt semester var på nettet, gjennom teams. I noen fag var vi 20+ studenter, andre kun 5.

Vurdering av emnetilbodet

Gode tilbud, mange fag å velge mellom. Tilbudet endret seg ved starten av semester, da jeg fant nye fag jeg ikke hadde sett før i tiden hvor man kan endre studieplan.

Fagleg utbyte og språk

Alle fag var på engelsk, noen lærere har mer engelskkunnskap enn andre. Engelsken her er generelt ikke så god hos de eldre, men svært god hos de unge.

Universitetsområdet og byen

Byen er veldig fin, liten og enkel å orientere seg i. Universitetet ligger midt i byen, men var ikke der noe særlig grunnet at all skole var over nettet. I Vilnius sentrum har man gamlebyen og den mer moderne siden, er mange spisesteder å teste ut og ting å gjøre. Det er godt utvalg med parker, steder å spille volleyball, basketball og mer.

Bustad

Bodde i studentbolig (dorms), gamle soviet bygninger hvor man normalt deler rom med andre. Bodde alene grunnet pandemien, men relativt billig. Er ikke høyeste standard og man deler kjøkken og dusj med etasjen, og toalett med naborommet. Det positivet med å bo i dorms er at man møter mange andre Erasmus studenter. Gode muligheter for å bo i sentrum hvis man heller ønsker det, koster rundt 300€ i måneden.

Sosialt miljø

Veldig positiv overrasket over det sosiale miljøet. Alle er hyggelige og åpne, og lett å planlegge og gjøre ting hele tiden. De har to appen her hvor man kan leie bil for billig penge, og det har gjort at man har mulighet til å reise rundt om i landet og se mer av hva Litauen har å by på. I byen er det en bar som heter +++ hvor de fleste studentene møtes, så der ser man alltid kjente fjes. Alle har lyst til å bli kjent med hverandre og det sosiale miljøet hos Erasmus studenter er det som har gjort at oppholdet har overgått mine forventninger om utveksling i Vilnius.

Informasjon