Hjem

Utdanning

erasmus+

Vilnius University og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandLitauen
  • ByVilnius
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogramma i framandspråk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor framandspråklege disiplinar. Det er krav om at du må ha tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelor- og masterprogramma i framandspråk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i framandspråk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studierettleiaren for programmet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er litauisk og engelsk.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Vilnius University er det eldste universitetet på Baltikum, og det største universitetet i Litauen. Det var lenge det einaste universitetet i landet, og har vore viktig for bevaring av kulturelle og vitskapelege tradisjonar. I dag har det over 20 000 studentar. Om lag 800 av desse er utvekslingsstudentar. Hovudcampusen ligg i Vilnius sin gamleby. Her held administrasjonen til, samt ei kyrkje, biblioteket, eit astronomisk observatorium frå 1700-talet og fire av dei tolv fakulteta. Dei andre fire campusane er plasserte i sentrum, med unntak av ein som ligg i bydelen Antakalnis.

Vilnius er Litauen sin hovudstad, og ligg søraust i landet. Han har over ein halv million innbyggarar, og har sidan Sovjetunionens fall utvikla seg til å bli ein moderne, vestleg by. Det historiske sentrum i Vilnius står oppført på UNESCO si verdsarvliste. I byen står det òg ein statue av Frank Zappa, trass i at den provokative rockemusikaren verken stammar frå byen, eller har spela der.

Bustad

Internasjonale studentar kan søke om bustad på ein av universitetet sine tre studentheimar, som alle ligg i nærleiken av campus. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Vilnius.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon