Hjem
Studentsider
erasmus+

Vilnius University og Universitetet i Bergen (ERASMUS+ - ARQUS)

  • LandLitauen
  • ByVilnius
  • Studieplassar8
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Arqus-alliansen er eit samarbeid i prestisjeprosjektet European University Initiative. Arqus består av sju breddeuniversitet, Bergen, Granada, Padova, Leipzig, Graz, Lyon og Vilnius, og alle studentar på bachelor- og masterstudiar ved (unntatt Medisin- og Kunststudentar) kan velje fritt blant faga ved desse universiteta, med få unntak.

Alle som reiser på utveksling må ha fullført minimum 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Ta kontakt med studierettleiaren ved ditt institutt/fakultet for informasjon og råd om når i studiet det passar best å reise ut.

Språk

Undervisningsspråka ved Vilnius Universitet er engelsk og litauisk, og det er krav om B1-nivå i språket. Dei fleste fakultet har nokre emner på engelsk.

Kva emne kan eg ta

Vilnius Universitet er eit breddeuniversitet med studietilbod innanfor dei fleste fagområde.

Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar i nivå eller innhald med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Det finnes informasjon om emer på denne nettsida: https://www.vu.lt/en/studies/exchange-students

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Vilnius University er det eldste universitetet på Baltikum, og det største universitetet i Litauen. Det var lenge det einaste universitetet i landet, og har vore viktig for bevaring av kulturelle og vitskapelege tradisjonar. I dag har det over 20 000 studentar. Om lag 800 av desse er utvekslingsstudentar. Hovudcampusen ligg i Vilnius sin gamleby. Her held administrasjonen til, samt ei kyrkje, biblioteket, eit astronomisk observatorium frå 1700-talet og fire av dei tolv fakulteta. Dei andre fire campusane er plasserte i sentrum, med unntak av ein som ligg i bydelen Antakalnis.

Vilnius er Litauen sin hovudstad, og ligg søraust i landet. Han har over ein halv million innbyggarar, og har sidan Sovjetunionens fall utvikla seg til å bli ein moderne, vestleg by. Det historiske sentrum i Vilnius står oppført på UNESCO si verdsarvliste. I byen står det òg ein statue av Frank Zappa, trass i at den provokative rockemusikaren verken stammar frå byen, eller har spela der.

Bustad

Internasjonale studentar kan søke om bustad på ein av universitetet sine tre studentheimar, som alle ligg i nærleiken av campus. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Vilnius.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Campus frå oven
Foto/ill.:
©Vilnius University

Informasjon