Hjem
Utdanning
erasmus+

Vilnius University og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandLitauen
  • ByVilnius
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket ved vertsuniversitetet er i hovudsak litauisk, men dei har òg emne med engelsk og tysk som undervisningsspråk.

Universitetet tilbyr språkkurs i litauisk og russisk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. På denne nettsida finn du lenke til ei oversikt over emnetilbodet ved universitetet.

Vilnius University nyttar ECTS-poengsystemet, der ein ECTS-credit svarar til eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Vilnius University er det eldste universitetet på Baltikum, og det største universitetet i Litauen. Det var lenge det einaste universitetet i landet, og har vore viktig for bevaring av kulturelle og vitskapelege tradisjonar. I dag har det over 20 000 studentar. Om lag 800 av desse er utvekslingsstudentar. Hovudcampusen ligg i Vilnius sin gamleby. Her held administrasjonen til, samt ei kyrkje, biblioteket, eit astronomisk observatorium frå 1700-talet og fire av dei tolv fakulteta. Dei andre fire campusane er plasserte i sentrum, med unntak av ein som ligg i bydelen Antakalnis.

Vilnius er Litauen sin hovudstad, og ligg søraust i landet. Han har over ein halv million innbyggarar, og har sidan Sovjetunionens fall utvikla seg til å bli ein moderne, vestleg by. Det historiske sentrum i Vilnius står oppført på UNESCO si verdsarvliste. I byen står det òg ein statue av Frank Zappa, trass i at den provokative rockemusikaren verken stammar frå byen, eller har spela der.

Bustad

Internasjonale studentar kan søke om bustad på ein av universitetet sine tre studentheimar, som alle ligg i nærleiken av campus. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Vilnius.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon