Hjem
Utdanning
erasmus+

Università degli Studi di Firenze og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByFirenze
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelorprogrammet i italiensk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor italiensk språk, litteratur og kultur. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile den perioden du er ute.

Studentar som går på bachelorprogram i italiensk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i italiensk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av studiet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med rettleiaren for studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise ut.

Språk

Undervisningsspråket er italiensk.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Università degli Studi di Firenze har røter tilbake til Studium Florentinum frå 1321, men fekk universitetsstatus først i 1923. Det er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 60 000 studentar. I 1999 blei universitetet utnemnt til eit «center of excellence» for emna sine knytt til europeisk integrasjon. Universitetet sine ti fakultet ligg spreidd rundt ulike stader i Firenze, og fleire av dei ligg i område som er relevante i forhold til fagområda dei dekker. For eksempel held fakultetet for arkitektur til i same bygg som verket David av Michelangelo, og landbruksfakultetet ligg omslutta av ein stor park. Fagtilbodet på engelsk er beskjedent.

Firenze er ein by verdskjend for kunst, mote, vitskap og arkitektur, som ligg i hjartet av vinregionen Toscana, nord i Italia. Det bur om lag 370 000 menneske i bykjernen. I middelalderen var Firenze eit viktig sentrum for handel og økonomi, og byen er rekna for å vere renessansen sin fødestad.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader for internasjonale studentar. Det er vanleg å finne bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juli.

Bilete av campus
Foto/ill.:
© Università degli Studi di Firenze

Informasjon