Hjem

Utdanning

erasmus+

Università degli Studi di Palermo og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByPalermo
  • Studieplassar3
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar med gyldig studierett på bachelorprogrammet i historie. Studieretten må være gyldig i heile perioden du er på utveksling.

Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter historiestudentane dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for ei utbyterik utveksling.

Språk

Undervisingsspråket ved universitetet er i hovudsak italiensk.

Dersom du ikkje har nok italienskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Du kan enten ta delar av spesialiseringa di, eller du kan velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i graden ved dette universitetet.

Ønsker du å ta delar av spesialiseringa di på utveksling må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande eitt eller fleire spesifikke emne ved UiB. Vel du å ta frie studiepoeng kan du velje fritt mellom emna universitetet tilbyr. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar med emne du har frå før eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studierettleiar@ahkr.uib.no

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Università degli Studi di Palermo blei grunnlagt i 1806. Det er eit offentleg breiddeuniversitet med om lag 50 000 studentar. Hovudcampusen ligg i Palermo. I tillegg finst mindre avdelingar i byane Agrigento, Trapani og Caltanissetta. Universitetet har ein obligatorisk praksisperiode i arbeidslivet som del av studiet både for bachelor- og masterstudentar. I samarbeid med sjukehuset i Palermo driv universitetet ein medisinsk klinikk, som eit gratis poliklinisk tilbod til studentar.

Palermo er den største byen på Sicilia, og ligg nordvest på øya. Byen er ein historisk smeltedigel, både når det gjeld arkitektur og samansetninga av dei 660 000 innbyggarane.

Bustad

Universitetet har somme studentbustader reservert for internasjonale studentar som det går an å søke på, men det er ikkje garantert at alle som søker får eit tilbod. Det kan vere stort press på den private leigemarknaden rundt semesterstart, så det lønner seg å vere tidleg ute.

Semesterinndeling

Oktober - februar og mars - juni.

Informasjon