Hjem
Utdanning
erasmus+

Università degli Studi di Roma 'La Sapienza' og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByRoma
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er open for bachelor- og masterstudentar. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar ved Matematisk institutt, lektorstudentar med matematikk som fag, og og IMØ-studentar som har valt statstikk som spesialisering blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Avtalen er open for bachelor- og masterstudentar. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar ved Matematisk institutt, lektorstudentar med matematikk som fag, og og IMØ-studentar som har valt statstikk som spesialisering blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Språk

Undervisningsspråket er italiensk. Universitetet har krav om at du har eit nivå i italiensk som tilsvarer B1. I tillegg må du har engelskkunnskapar tilsvarande B1.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Her er emne oversikt over matematikkemne:

Bachelor "Laurea triennale":www.mat.uniroma1.it/didattica/corsi-di-laurea/elenco-insegnamenti?id_laurea=57www.mat.uniroma1.it/didattica/corsi-di-laurea/elenco-insegnamenti?id_laurea=57

http://www.mat.uniroma1.it/didattica/corsi-di-laurea/elenco-insegnamenti?id_laurea=57

Master matematikk "Laurea magistrale in Matematica":www.mat.uniroma1.it/didattica/corsi-di-laurea/elenco-insegnamenti?id_laurea=58www.mat.uniroma1.it/didattica/corsi-di-laurea/elenco-insegnamenti?id_laurea=58

http://www.mat.uniroma1.it/didattica/corsi-di-laurea/elenco-insegnamenti?id_laurea=58

Master anvendt matematikk "Laurea magistrale in Matematica per le

Applicazioni":www.mat.uniroma1.it/didattica/corsi-di-laurea/elenco-insegnamenti?id_laurea=59www.mat.uniroma1.it/didattica/corsi-di-laurea/elenco-insegnamenti?id_laurea=59

http://www.mat.uniroma1.it/didattica/corsi-di-laurea/elenco-insegnamenti?id_laurea=59

Du bør ta kontakt med universitetet for å undersøkje om du får ta eman du er interessert i, og om emnet går semesteret du er der. Matematisk institutt anbefaler at du diskuterer kva emne du skal ta saman med studierettleiar og/eller rettleiar eller annan vitskapleg tilsett før du søkjer om førehandsgodkjenning.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

«La Sapienza» er eit autonomt offentleg universitet i Roma som blei grunnlagt i 1303. Med om lag 140 000 studentar er dette det tredje største i Europa. Universitetet har fleire campusar i og rundt Roma. Den største av desse ligg rett ved den sentrale togstasjonen og dekker over 430 000 kvadratmeter. Universitetet har elleve fakultet, og har eit særskilt breitt fagleg tilbod innan naturvitskap, ingeniørfag, biomedisin og humaniora.

I antikken var Roma hovudstad i Romerriket, den då største og mektigaste staten i verda. I dag er byen stadig det administrative og kulturelle sentrum i Italia, og eit særs populært reisemål, både for turistar og pilegrimar. Midt i byen ligg Vatikanstaten, eit autonomt område styrt av paven for den romersk-katolske kyrkja. Byen har om lag 2,7 millonar innbyggarar og ligg på vestsida av Italia, omgitt av sju høgder.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, men har avtalar om bustadsutleige med private aktørar, kor utvekslingsstudentar blir prioriterte. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i Roma på den private marknaden rundt semesterstart.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon