Hjem
Utdanning
erasmus+

Università degli Studi di Roma 'La Sapienza' og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByRoma
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogrammet i italiensk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor italiensk språk, litteratur og kultur når dei er på utveksling. Det er eit krav at du må ha tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Studentar som går på bachelor- eller masterprogrammet i italiensk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i italiensk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorgraden.

Masterstudentar i italiensk: Det passar best å reise ut i det 2. semesteret av mastergraden.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er italiensk.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod som eventuelt finst, og kva startdatoar som gjeld i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

«La Sapienza» er eit autonomt offentleg universitet i Roma som blei grunnlagt i 1303. Med om lag 140 000 studentar er dette det tredje største i Europa. Universitetet har fleire campusar i og rundt Roma. Den største av desse ligg rett ved den sentrale togstasjonen og dekker over 430 000 kvadratmeter. Universitetet har elleve fakultet, og har eit særskilt breitt fagleg tilbod innan naturvitskap, ingeniørfag, biomedisin og humaniora.

I antikken var Roma hovudstad i Romerriket, den då største og mektigaste staten i verda. I dag er byen stadig det administrative og kulturelle sentrum i Italia, og eit særs populært reisemål, både for turistar og pilegrimar. Midt i byen ligg Vatikanstaten, eit autonomt område styrt av paven for den romersk-katolske kyrkja. Byen har om lag 2,7 millonar innbyggarar og ligg på vestsida av Italia, omgitt av sju høgder.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, men har avtalar om bustadsutleige med private aktørar, kor utvekslingsstudentar blir prioriterte. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i Roma på den private marknaden rundt semesterstart.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon