Hjem
Utdanning
erasmus+

Università degli Studi di Roma 'La Sapienza' og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByRoma
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogrammet i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF), men også andre som ønsker å ta filosofiemne når dei er på utveksling kan søke.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram ved FOF vil bli prioriterte om det er fleire søkarar enn det er plassar.

Avtalen er også åpent for PhD studenter/stipendiater.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på. Vanlegvis vil det passe best å reise på utveksling i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er italiensk og engelsk. Tilrådd nivå for begge er B1. Sjølv om det ikkje er nødvendig å bekrefte italiensk kunnskap er det tilrådder universitetet B1 nivået for å kunne få det meste ut av opphaldet i Roma og omland. Sjekk følgjande nettside for å finne ut kva for eit nivå du ligg på: http://europass.cedefop.europa.eu/en/resources/european-language-levels-cefr.

For meir informasjon om undervisningsspråk sjekk følgjande nettsider:

http://corsidilaurea.uniroma1.it

http://en.uniroma1.it/study-us/visiting-and-exchange-students/english-taught-modules

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Vi anbefaler at du tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan innpassast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

«La Sapienza» er eit autonomt offentleg universitet i Roma som blei grunnlagt i 1303. Med om lag 140 000 studentar er dette det tredje største i Europa. Universitetet har fleire campusar i og rundt Roma. Den største av desse ligg rett ved den sentrale togstasjonen og dekker over 430 000 kvadratmeter. Universitetet har elleve fakultet, og har eit særskilt breitt fagleg tilbod innan naturvitskap, ingeniørfag, biomedisin og humaniora.

I antikken var Roma hovudstad i Romerriket, den då største og mektigaste staten i verda. I dag er byen stadig det administrative og kulturelle sentrum i Italia, og eit særs populært reisemål, både for turistar og pilegrimar. Midt i byen ligg Vatikanstaten, eit autonomt område styrt av paven for den romersk-katolske kyrkja. Byen har om lag 2,7 millonar innbyggarar og ligg på vestsida av Italia, omgitt av sju høgder.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, men har avtalar om bustadsutleige med private aktørar, kor utvekslingsstudentar blir prioriterte. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i Roma på den private marknaden rundt semesterstart.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Informasjon