Hjem
Studentsider
erasmus+

Universiteit Maastricht og Institutt for sammenliknende politikk (ERASMUS+)

  • LandNederland
  • ByMaastricht
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på europastudium har fortrinn på plassane.

Når i studiet kan eg reise

Utreise om hausten i 5. semester.

Språk

Undervisningsspråka er flamsk og engelsk. B2-nivå (CEFR) i engelsk blir anbefalt.

Kva emne kan eg ta

Ved Faculty of Arts and Social Sciences vert innreisande oppmoda til å følgje eit av dei 5 "minor programmes" som vert tilbydd. Programma er på 30 ECTS. Finn ein ikkje eitt program som passar er det og mogleg å velge fra emne i European Studies og Arts and Culture. Oversikt over tilbodet finn ein her.

  • Minor Great Thinkers: Leading Paradigms of Western Culture
  • Minor European Studies
  • Minor Globalisation and Development
  • Minor Arts and Heritage
  • Minor Differences/Inequalities: Introduction to Gender and Diversity Studies

I Masstricht er undervisninga lagt opp etter metoden Problem-Based Learning (PBL). Dette er ein studentsentrert undervisningsmetode hvor ein jobber problembasert i mindre grupper. Meir informasjon kan ein finne her.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universiteit Maastricht blei etablert i 1976 og er det yngste universitetet i Nederland. Universitetet har seks fakultet og om lag 16 000 studentar, kor av om lag ein tredjedel kjem frå andre land. Universitetet er internasjonalt orientert, med mykje undervisning på engelsk. Det prioriterer forsking knytt til dei tre temaområda «Livskvalitet», «Læring og innovasjon» og «Europa i eit globalt perspektiv». Pedagogisk har institusjonen fokus på problembasert læring (PBL) og mykje gruppearbeid. Universitetet har to større campusområde. Det eine ligg i sentrumskjernen og det andre i forstadsområdet Randwyck.

Maastricht ligg søraust i Nederland, i provinsen Limburg, mellom Belgia og Tyskland. Byen har om lag 130 000 innbyggarar. Han har fått namn etter elva Maas og er blant anna kjend som fødeby for Den europeiske union og euroen.

Bustad

Maastricht University Guesthouse tilbyr utleige av bustader for utvekslingsstudentar i nærleiken av campus, så langt kapasiteten rekk. Søknaden om bustad kan sendast saman med opptakssøknaden. Tildelinga av bustader skjer etter førstemann til mølla-prinsippet.

Semesterinndeling

August - desember og januar - juni.

Informasjon