Hjem
Utdanning
erasmus+

Università degli Studi di Roma Tor Vergata og Institutt for informatikk (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByRoma
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Alle studentar ved UiB kan søke, men studentar tilknytt Institutt for informatikk vil ha førsteprioritet dersom det er fleire søkarar enn det er ledige plassar. Det er krav om at du skal ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorprogramma ved Institutt for informatikk tilrettelegg for at studentar kan dra på utveksling i 6. semester, men det er og mogleg å dra tidlegare i studieløpet.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er italiensk og engelsk. Det engelskspråklege emnetilbodet er begrensa.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle kurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Tor Vergata er eit offentleg universitetet i Roma med 44 000 studentar. Det blei oppretta i 1981, som det andre av i dag fire statlege universitetet i byen. Difor ber det òg namnet Roma II. Campus ligg søraust for bykjerna. Her finn ein mellom anna eit av Italias mest moderne universitetetssjukehus. I 2000 heldt pave Johannes Paul II ei tale ved Tor Vergata som heile to millionar tilhøyrarar rundt om i verda lytta til.

I antikken var Roma hovudstad i Romerriket, den då største og mektigaste staten i verda. I dag er byen stadig det administrative og kulturelle sentrum i Italia, og eit særs populært reisemål, både for turistar og pilegrimar. Midt i byen ligg Vatikanstaten, eit autonomt område styrt av paven for den romersk-katolske kyrkja. Byen har om lag 2,7 millonar innbyggarar og ligg på vestsida av Italia, omgitt av sju høgder.

Bustad

Det blei bygd eit stort studentbustadskompleks like ved campus i 2011, og her kan ein søke om plass. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i Roma på den private marknaden rundt semesterstart.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Flott bygning
Photo:
© Università degli Studi di Roma Tor Vergata

Informasjon