Hjem
Utdanning
erasmus+

Università degli Studi di Roma Tor Vergata og Matematisk institutt (ERASMUS+)

  • LandItalia
  • ByRoma
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen er open for bachelor- og masterstudentar. Studentar ved Matematisk institutt og lektorstudentar med matematikk som fag blir prioritert dersom det er fleire søkarar enn plassar.

Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Det er normalt eit krav om minst C i gjennomsnittskarakter.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar: Det passar best å reise på utveksling i løpet av 4., 5. og 6. semester av bachelorprogrammet. Studentar skal ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Masterstudentar: Masterstudentar ved Matematisk institutt: Det er i utgangspunktet inga avgrensing for når i studieløpet du kan gjennomføre utveksling. Ta kontakt med studierettleiaren din dersom du er i tvil om når du bør reise.

Lektorstudentar: Ta kontakt med studierettleiaren din for informasjon og råd om utveksling. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket er italiensk. Det er anbefalt at utvekslingsstudentar har nivå B1 i italiensk. Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Matematisk institutt anbefaler at du diskuterer kva emne du skal ta med studierettleiar og/eller rettleiar eller annan vitskapleg tilsett før du søker om førehandsgodkjenning.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Informasjon om emnetilbodet finn du her: http://www.uniroma3.it/Offerta14.php

Informasjon om matematikkemne finn du her: http://dmf.matfis.uniroma3.it/eng/matematica/mat_home.php

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Tor Vergata er eit offentleg universitetet i Roma med 44 000 studentar. Det blei oppretta i 1981, som det andre av i dag fire statlege universitetet i byen. Difor ber det òg namnet Roma II. Campus ligg søraust for bykjerna. Her finn ein mellom anna eit av Italias mest moderne universitetetssjukehus. I 2000 heldt pave Johannes Paul II ei tale ved Tor Vergata som heile to millionar tilhøyrarar rundt om i verda lytta til.

I antikken var Roma hovudstad i Romerriket, den då største og mektigaste staten i verda. I dag er byen stadig det administrative og kulturelle sentrum i Italia, og eit særs populært reisemål, både for turistar og pilegrimar. Midt i byen ligg Vatikanstaten, eit autonomt område styrt av paven for den romersk-katolske kyrkja. Byen har om lag 2,7 millonar innbyggarar og ligg på vestsida av Italia, omgitt av sju høgder.

Bustad

Det blei bygd eit stort studentbustadskompleks like ved campus i 2011, og her kan ein søke om plass. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i Roma på den private marknaden rundt semesterstart.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juni.

Flott bygning
Foto:
© Università degli Studi di Roma Tor Vergata

Informasjon