Università degli Studi di Roma Tor Vergata og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (ERASMUS+)
- LandItalia
- ByRoma
- Studieplassar1
- StudienivåDoktorgradsnivå
- AvtaletypeErasmus+
- Lengde på opphald1 semester
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogrammet i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF), men også andre som ønsker å ta filosofiemne når dei er på utveksling kan søke.
Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram ved FOF vil bli prioriterte om det er fleire søkarar enn det er plassar.
Når i studiet kan eg reise
Bachelorstudentar: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av bachelorprogrammet.
Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på. Vanlegvis vil det passe best å reise på utveksling i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.
Kva emne kan eg ta
Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Vi anbefaler at du tar emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan innpassast på 200-nivå enn på 100-nivå.
Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.
For alle studentar: Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Tor Vergata er eit offentleg universitetet i Roma med 44 000 studentar. Det blei oppretta i 1981, som det andre av i dag fire statlege universitetet i byen. Difor ber det òg namnet Roma II. Campus ligg søraust for bykjerna. Her finn ein mellom anna eit av Italias mest moderne universitetetssjukehus. I 2000 heldt pave Johannes Paul II ei tale ved Tor Vergata som heile to millionar tilhøyrarar rundt om i verda lytta til.
I antikken var Roma hovudstad i Romerriket, den då største og mektigaste staten i verda. I dag er byen stadig det administrative og kulturelle sentrum i Italia, og eit særs populært reisemål, både for turistar og pilegrimar. Midt i byen ligg Vatikanstaten, eit autonomt område styrt av paven for den romersk-katolske kyrkja. Byen har om lag 2,7 millonar innbyggarar og ligg på vestsida av Italia, omgitt av sju høgder.
Bustad
Det blei bygd eit stort studentbustadskompleks like ved campus i 2011, og her kan ein søke om plass. Det kan vere vanskeleg å finne rimeleg prisa bustad i Roma på den private marknaden rundt semesterstart.
Semesterinndeling
September - januar og februar - juni.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://web.uniroma2.it
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb9796
- FagnavnFilosofi