Hjem
Utdanning
erasmus+

Johannes Gutenberg-Universität Mainz og Institutt for lingvistiske, litterære og estetiske studier (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByMainz
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar på bachelor- og masterprogramma i digital kultur, og andre studentar som ønsker å ta emne i digital kultur når dei er på utveksling.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram i digital kultur blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i digital kultur: Det passar best å reise på utveksling i fjerde, femte eller sjette semester av graden. Det er tilrådd å ta emne på 200-nivå på utveksling, då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivå enn på 100-nivå.

Studentar på andre studieprogram: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på. Det passar vanlegvis best å reise på utveksling i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod dei har, og eventuelt kva startdatoar som gjeld i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta emne som skal inngå i spesialiseringa i graden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande spesialiseringsemne ved UiB. Det er lettast å finne emne som kan innpassast på 200-nivå. Ver merksam på, at dersom du skal ta emne på 200-nivå på utveksling, må du finne emne som har semesteroppgåve eller tilsvarande vurderingsform på (til saman) minimum 10 studiepoeng.

Dersom du skal ta emne som frie studiepoeng i ein bachelorgrad, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Johannes Gutenberg-Universitet Mainz er eit offentleg breiddeuniversitet med ti fakultet, ein kunstskule og eit musikkakademi. Det samla studenttalet ligg på rundt 36 500. Universitetet har eit relativt stort idrettsfakultet, og campusområdet er derfor godt utstyrt med både inne- og utebanar til ulike sportar. Den ligg i eit gamalt festningsverk, om lag fem minutt med buss i retning sørvest for sentrum.

Mainz har 200 000 innbyggarar, og ligg idyllisk til der elva Main renner ut i Rhinen. Det er gode transportsamband med byar som Frankfurt og Köln. Byen er kanskje mest kjent som heimbyen til Johannes Gutenberg. Det er tradisjon for mange festivalar og arrangement gjennom året, så som karneval og maratonløp.

Bustad

Universitetet har studenthyblar både på campus og i dei ulike bydelane. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa rom på den private marknaden i Mainz.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Bilete av campus
Foto/ill.:
© Johannes Gutenberg-Universität-Mainz, Thomas Hartmann

Informasjon