Hjem
Utdanning
erasmus+

Philipps-Universität Marburg og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByMarburg/Lahn
  • Studieplassar3
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er tysk. Nokre emne har undervisning på engelsk, men tilbodet er ikkje stort nok til å fylle eit heilt semester berre med emne som har undervisning på engelsk. Universitetet har tilbod om tyskkurs for utvekslingsstudentar. Dette finn du opplysningar om på denne nettsida. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Opplysningar om rettsvitskaplege emne finn du på denne sida.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Universitetet nyttar ikkje ECTS-systemet der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng, derfor må du rekne om frå lokale studiepoeng til ECTS-credits etter instruks frå vertsuniversitetet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Philipps-Universität Marburg blei grunnlagt som Tysklands aller første protestantiske universitet i 1527. Fagtilbodet er stort, og omfattar studieløp innan naturvitskap, humaniora, medisin og samfunnsvitskap. Universitetet har i dag om lag 18 000 studentar, fordelte på 21 fakultet.

Marburg er ein liten tysk by med 80 000 innbyggarar som ligg i Hessen, om lag midt i landet. Det er ein typisk universitetsby, der studentar og tilsette ved universitetet utgjer ein tredjedel av innbyggartalet og dermed set sterkt preg på byen. Her finst vakre middelalderbygg, brusteinsgater og eit rikt kulturtilbod.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper til med informasjon. Dei fleste studentbustadane i området er administrerte av den lokale studentsamskipnaden. Ein av studentheimane, Collegium Phillipium, ligg på slottet i Marburg. Det er òg vanleg blant norske studentar å leige privat.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Photo:
© Philipps-Universität Marburg

Informasjon