Hjem
Utdanning
erasmus+

Philipps-Universität Marburg og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByMarburg/Lahn
  • Studieplassar3
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogramma i geografi. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geografistudentane dersom det er fleire søkarar enn ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du kan ta emne som frie studiepoeng. Masterstudentar i geografi må legge eit eventuelt utvekslingsopphald til 2. semester og finne emne som kan erstatte spesifikke emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er tysk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar i komande semester.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Philipps-Universität Marburg blei grunnlagt som Tysklands aller første protestantiske universitet i 1527. Fagtilbodet er stort, og omfattar studieløp innan naturvitskap, humaniora, medisin og samfunnsvitskap. Universitetet har i dag om lag 18 000 studentar, fordelte på 21 fakultet.

Marburg er ein liten tysk by med 80 000 innbyggarar som ligg i Hessen, om lag midt i landet. Det er ein typisk universitetsby, der studentar og tilsette ved universitetet utgjer ein tredjedel av innbyggartalet og dermed set sterkt preg på byen. Her finst vakre middelalderbygg, brusteinsgater og eit rikt kulturtilbod.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor som hjelper til med informasjon. Dei fleste studentbustadane i området er administrerte av den lokale studentsamskipnaden. Ein av studentheimane, Collegium Phillipium, ligg på slottet i Marburg. Det er òg vanleg blant norske studentar å leige privat.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Photo:
© Philipps-Universität Marburg

Informasjon