Hjem
Studentsider
erasmus+

Eberhard-Karls-Universität Tübingen og Institutt for filosofi og førstesemesterstudier (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByTübingen
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtala gjeld for studentar på bachelor- og masterprogrammet i filosofi ved Institutt for filosofi og førstesemesterstudium (FOF), men også andre studentar som ynskjer å ta filosofiemne når dei er på utveksling kan søkje på avtalen.

Før du kan reise på utveksling, må du ha tatt minimum 60 studiepoeng ved UiB. Du må også ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i den perioden du er på utveksling. Studentar på bachelor- eller masterprogram ved FOF vil bli prioritert om det er fleire søkjarar enn det er plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor: Best eigna for utveksling er fjerde, femte eller sjette semester av graden.

Studentar på andre studieprogram: ta kontakt med studierettleiaren din.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Ein rår til at studentane tar 200-nivået på utveksling då det er lettare å finne emne som kan godkjennast på 200-nivået enn på 100-nivået.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande eller som erstatning for emne i kursdelen av mastergraden.

Det er ein føresetnad at kursa ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Eberhard-Karls-Universität Tübingen blei grunnlagt i 1477, og er eit tradisjonsrikt universitet med ein brei fagleg profil. Det har om lag 28 000 studentar fordelte på sju fakultet. Universitetet har òg samarbeid med heile 17 universitetssjukehus, samt ei rekke forskingsinstitusjonar.

Den tyske universitetsbyen Tübingen ligg sørvest i landet, like sør for nasjonalparken Schönbuch i Baden-Württemberg. Han har om lag 90 000 innbyggarar, og meir enn ein tredjedel av dei er studentar. Universitetet dannar eit omdreiingspunkt for byen både økonomisk og demografisk. Det er elles ein grøn og svært komfortabel by å bo i, med låg kriminalitet, sykkelstiar og mykje vakker middelalderarkitektur.

Bustad

Universitetet samarbeider med den lokale studentsamskipnaden Studentenwerk om eit bustadtilbod for Erasmus-studentar. Det er viktig å søke innan fristen. Det kan vere vanskeleg å finne bustad i Tübingen på den private marknaden ved semesterstart.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli.

Informasjon