Hjem
Utdanning
erasmus+

Universitat de Girona og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByGirona
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

På masterstudiet i rettsvitskap kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha avslutta fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråka er katalansk og spansk. Gode språkkunnskapar i katalansk/spansk er derfor anbefalt. Detaljer om kor mange emne som er tilgjengelege på dei ulike språka finn du i emneoversikta.

Universitetet tilbyr språkkurs i katalansk for internasjonale studentar.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som vert godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Ei oversikt over juridiske emne finn du på universitetet sine nettsider.

Universitat de Girona nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet i Girona er eit ungt universitet som blei grunnlagt i 1991. Det har ekspandert hurtig og har i dag rundt 15 000 studentar fordelte på fem campusar, som ligg ulike stader i Girona . Ein sjette campus er planlagt. Universitetet har eit breitt fagtilbod, men fokuserer særskilt på fag knytt til satsingsområda «vatn og vasstyring» og «turisme og berekraftig utvikling». Størsteparten av emnetilbodet er på spansk.

Girona har 100 000 innbyggarar og ligg nordaust i Catalonia ved Pyreneane, der elvane Ter, Onyar, Galligants og Güell renn saman. Byen er omgitt av eit imponerande festningsverk som i tidlegare tider gav vern mot hyppige angrep både frå sør og aust. Festningsverket er i dag eit av byens mest framtredande landemerke. Girona er elles kjend blant anna for rike tradisjonar innan teater, song og scenekunst.

Bustad

Universitetet tilbyr internasjonale studentar hjelp med å finne bustad, primært gjennom samarbeid med Resa Housing. Forutan meir konvensjonelle losjialternativ, som studenthus eller kollektiv, kan ein òg søke bustad gjennom det sosiale initiativet «Viure i Conviure» som legg til rette for bustaddeling mellom studentar og eldre.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juli.

Informasjon