Hjem

Utdanning

erasmus+

Universitat de Girona og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByGirona
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på eit bachelor eller masterprogram i folkehelse og helsefremmende arbeid ved ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelor- og masterstudentar reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er katalansk og spansk.

Språkkrav: B1

Dersom du ikkje har nok spanskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise - sjå UiB.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffa språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågare og høgare grad (BA/MA).

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Om du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt på masternivå innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande spesifikke emne ved UiB.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Emnetilbodet ved dette universitetet er presentert her: http://www.udg.edu/estudia/Matrícula/Matrícula2010/Guiesdematrícula/tabid/15434/language/en-US/Default.aspx

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet i Girona er eit ungt universitet som blei grunnlagt i 1991. Det har ekspandert hurtig og har i dag rundt 15 000 studentar fordelte på fem campusar, som ligg ulike stader i Girona . Ein sjette campus er planlagt. Universitetet har eit breitt fagtilbod, men fokuserer særskilt på fag knytt til satsingsområda «vatn og vasstyring» og «turisme og berekraftig utvikling». Størsteparten av emnetilbodet er på spansk.

Girona har 100 000 innbyggarar og ligg nordaust i Catalonia ved Pyreneane, der elvane Ter, Onyar, Galligants og Güell renn saman. Byen er omgitt av eit imponerande festningsverk som i tidlegare tider gav vern mot hyppige angrep både frå sør og aust. Festningsverket er i dag eit av byens mest framtredande landemerke. Girona er elles kjend blant anna for rike tradisjonar innan teater, song og scenekunst.

Bustad

Universitetet tilbyr internasjonale studentar hjelp med å finne bustad, primært gjennom samarbeid med Resa Housing. Forutan meir konvensjonelle losjialternativ, som studenthus eller kollektiv, kan ein òg søke bustad gjennom det sosiale initiativet «Viure i Conviure» som legg til rette for bustaddeling mellom studentar og eldre.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juli.

Informasjon