Universitat de Girona og Det samfunnsvitenskapelige fakultet (ERASMUS+)
- LandSpania
- ByGirona
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor
- AvtaletypeErasmus+
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet har fortrinn på å reise ut gjennom denne avtalen. Søkarar frå andre fagområde blir vurdert dersom det er ledige plassar.
Søkaren må ha minimum 60 studiepoeng ved utreise.
Når i studiet kan eg reise
Du kan tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen din. Normalt passar det best å reise på utveksling mellom tredje og sjette semester av studiet.
Språk
Bachelorprogrammet ein kan velje emne frå, vert undervist på engelsk.
Kva emne kan eg ta
Du kan velje blant emne som inngår i Bachelor's degree in Global Studies, eit tverrfagleg program som blir undervist på engelsk.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Universitetet i Girona er eit ungt universitet som blei grunnlagt i 1991. Det har ekspandert hurtig og har i dag rundt 15 000 studentar fordelte på fem campusar, som ligg ulike stader i Girona . Ein sjette campus er planlagt. Universitetet har eit breitt fagtilbod, men fokuserer særskilt på fag knytt til satsingsområda «vatn og vasstyring» og «turisme og berekraftig utvikling». Størsteparten av emnetilbodet er på spansk.
Girona har 100 000 innbyggarar og ligg nordaust i Catalonia ved Pyreneane, der elvane Ter, Onyar, Galligants og Güell renn saman. Byen er omgitt av eit imponerande festningsverk som i tidlegare tider gav vern mot hyppige angrep både frå sør og aust. Festningsverket er i dag eit av byens mest framtredande landemerke. Girona er elles kjend blant anna for rike tradisjonar innan teater, song og scenekunst.
Bustad
Universitetet tilbyr internasjonale studentar hjelp med å finne bustad, primært gjennom samarbeid med Resa Housing. Forutan meir konvensjonelle losjialternativ, som studenthus eller kollektiv, kan ein òg søke bustad gjennom det sosiale initiativet «Viure i Conviure» som legg til rette for bustaddeling mellom studentar og eldre.
Semesterinndeling
September - januar og februar - juli.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://www.udg.edu/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i SøknadswebIkkje søkbar
- FagnavnSamfunnsfag