Hjem
Studentsider
erasmus+

University of Sheffield og Institutt for fysikk og teknologi (ERASMUS+)

  • LandStorbritannia og Nord-Irland
  • BySheffield
  • Studieplassar2
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogramma i fysikk. I tillegg kan lektorstudentar som har fysikk som eit av sine fag reise ut på denne avtalen. Andre studentar ved Det matematisk-naturvitenskapelige fakuletet kan òg søke, forutsett at dei har tilfredsstillande fagbakgrunn for emna dei skal ta.

I fall det er fleire søkarar enn det er ledige plassar vil fysikkstudentane bli prioriterte.

For denne avtalen er det eit krav at søkaren må ha tatt minimum 120 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar i fysikk er det lagt til rette for å reise på utveksling i sjette semester.

Språk

Undervisningsspråket er engelsk.

Dersom du ikkje har nok engelskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Skal du ta deler av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Opphald ved lærestadar i utlandet avtalast med rettleiar, og skal vere ein del av masteravtalen. Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Sheffield er eit offentleg universitet som blei grunnlagt i 1905. Det har i dag rundt 26 000 studentar og fem fakultet, i tillegg til ei internasjonal avdeling i Thessaloniki, i Hellas. Det har fem nobelprisvinnarar knytt til seg innanfor fagfelta kjemi, fysiologi og medisin. Det meste av universitetet ligg vest i Sheffield sentrum, i nærleiken av Weston Park.

Sheffield har over 550 000 innbyggarar, og er den tredje største byen i Storbritannia. Under den industrielle revolusjon tidobla innbyggartalet seg, og byen er historisk kjend for stålindustri. Samstundes er Sheffield ein av dei grønaste byane i Europa, kor heile 61 prosent av byen er grøne område, og ein tredjedel av byen ligg i Peak District nasjonalpark. Sheffield blir av myndigheitene rekna som ein av landets tryggaste byar å bu i.

Bustad

Universitetet tilbyr studentbustader for internasjonale studentar både i sentrum og i dei grønare områda i utkanten av byen. Det er gode sjansar for å få tilbod, men det er ikkje garantert at alle får plass.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juni.

Studentrapportar

2021

Vår 2021 MAMN-MTEK

Vår 2021 MAMN-MTEK

15.01.2021 - 15.06.2021

Førebuingar/praktiske tips

Start planleggingen tidlig, og sjekk ut alle avtalene som UiB har både fakultetet sine og de som er tilgjengelig for hele UiB! Les gjennom avtalene godt og send mail om du ønsker å ta fag som ikke er på samme fakultet. Hvis du leter etter spesifikke fag, sørg for at fagene du ønsker å ta går i riktig semester. Ikke overpakk, men ta med skjøteledning!

Undervisningsformer

På grunn av korona var mye digitalt.

Vurdering av emnetilbodet

Emnetilbudet ved University of Sheffield er ikke det beste. Det er en avtale med fysikkinstituttet og du kan dermed bare ta fag der. Det ligger en liste med fagene du har mulighet til å ta ute, og den er verdt å se på før man søker.

Fagleg utbyte og språk

Faglig utbytte er greit, University of Sheffield krever at du tar 6 fysikk fag for at du skal fylle opp 30 ETC, noe som er ganske mye for oss som er vant til 3 fag. Jeg synes arbeidsmengden i fagene var like stor selv om de bare var halvparten av poengene av de på UiB.

Universitetsområdet og byen

Byen Sheffield er veldig sentral i England og det gjør det veldig lett å ta dagsturer rundt omkring i England med tog og buss!

Ellers er byen middelsstor med alt fra shopping, restauranter, parker, museumer og nasjonalparken Peak District, som ligger en liten busstur unna. Her er det uendelig mange fine turmuligheter å finne!

Bustad

Jeg bodde i en studentbolig som jeg fikk gjennom universitetet, som var veldig greit når du bare skal bo der i et semester og ikke kjenner byen. Ble veldig godt kjent med de andre som jeg delte kjøkken med + flere i bygningen vår!

Sosialt miljø

Veldig bra sosialt miljø blant de andre utvekslingsstudentene. Så lenge man er åpen for å bli kjent med mange nye og blir med på ting er det lett å få seg venner!

Grøn campus
Foto/ill.:
© University of Sheffield

Informasjon