Hjem

Utdanning

erasmus+

Universidad de Vigo og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandSpania
  • ByVigo
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelor- og masterprogrammet i engelsk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor språkfag. Det er eit krav at du må ha tatt minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelor- og masterprogrammet i engelsk vert prioritert i fall det er fleire søkjarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i engelsk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei fire siste semestera på bachelorprogrammet.

Masterstudentar i engelsk: Det passar best å reise ut i andre semester av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet engelsk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på i forkant. Sjå uib.no for meir informasjon om språkkurs og språktandem. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for meir informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst, og eventuelt kva startdatoar som gjeld komande

semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor fagfeltet språkfag. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Universidade de Vigo nyttar ECTS credits. Eit fulltidsstudium ved Universidade de Vigo er derfor 30 ECTS, og dette tilsvarar 30 studiepoeng ved UiB. Ver merksam på at opplysningane om credits er rettleiande. For nøyaktig informasjon om kva UiB krever for å få uttelling for normert tid, ta kontakt med studierettleiaren din.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet i Vigo er eit statleg universitet i Galicia nord i Spania. Universitetet har om lag 20 000 studentar fordelt på ni fakultet. Det finst tre campusar som ligger i byane Ourense, Pontevedra og Vigo. Universitetet tilbyr grader i blant anna telekommunikasjon og datateknologi.

Galicia ligg i provinsen Pontevedra, like nord for grensa til Portugal. Byen har om lag 290 000 innbyggarar og har ei fin naturlig hamn med stor trafikk. Vigo består av ein mindre og gamal bydel og ein nyare med breie gater og moderne bygningar. Borgen Castillo del Castro frå 1600-talet ruvar over gamlebyen.

Bustad

Det internasjonale kontoret hjelper studentar på alle campusar med å finne bustad.

Semesterinndeling

September - januar og januar - juni.

Informasjon