Hjem
Utdanning
erasmus+

University of Debrecen og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandUngarn
  • ByDebrecen
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogrammet i geografi. Andre interesserte studentar kan òg søke, men blir prioriterte etter geografistudentane dersom det er fleire søkarar enn det er ledige plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du reiser på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du kan ta emne som frie studiepoeng. For masterstudentar passar det best å reise på utveksling i 2. semester.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er engelsk og ungarsk.

Kva emne kan eg ta

Institute of Earth Sciences har fem avdelingar: Physical Geography and Geoinformatics, Meteorology, Landscape Protection and Environmental Geography, Mineralogy and Petrology og Social Geography and Regional Development Planning.

Bachelorprogrammet i geografi har spesialisering i turisme, geoinformatikk, landskapsvern og regional utvikling.

Masterprogrammet i geografi har spesialisering i geoinformatikk, by- og regionutvikling, geomorfologi, landskap- og miljøstudiar og lærarutdanning.

Emne som har engelsk som undervisningsspråk:

  • Principles of geology
  • Principles of structural geology
  • Cultural landscape of Europe
  • Nature conservation in Hungary from geographical aspect
  • Elements of restaurants and hotel management
  • Tourism of Hungary
  • Travel and event management
  • Environmental impacts of tourism
  • Cross border co-operations
  • Place marketing

Det er også mogeleg å velje emne frå andre institutt og fakultet

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for spesifikke emne i kursdelen i 2. semester av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet i Debrecen er eit offentleg ungarsk breiddeuniversitet med rundt 32 000 studentar. Det har eit breitt fagtilbod fordelt på 15 fakultet, og er kjent for god tilrettelegging for internasjonale studentar, særskilt innan medisin og helsefag. I tillegg til to større campusar i Debrecen og fleire mindre campusområde i områda rundt byen, har universitetet òg ei lita avdeling for basalmedisin i Geochang i Sør-Korea.

Debrecen ligg i regionen Hajdú-Bihar, nordaust i Ungarn, ikkje langt frå grensa mot Romania. Han er Ungarns nest største by, med om lag 205 000 innbyggarar, og er blant anna kjend for ein stor blomsterfestival som blir halde her i august kvart år.

Bustad

Universitetet har fleire studentbustader i nærleiken av campusområda, og gir internasjonale studentar prioritet så langt kapasiteten rekk. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juli.

Informasjon