Hjem
Studentsider
erasmus+

University of Debrecen og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandUngarn
  • ByDebrecen
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar på masterstudiet i rettsvitskap som på tidspunkt for utreise har fullført alle emna i studieprogrammet til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

I Master i rettsvitskap-studiet kan du reise på utveksling på femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår. Du kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår.

I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "kven kan søke" finn du informasjon om korvidt du må vere ferdig med fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er ungarsk, men dei har tilstrekkeleg mange emne som blir underviste på engelsk til at du ikkje treng kunne ungarsk for å studere her.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap.

nettsida til universitetet finn du oversikt over emna som blir undervist på engelsk. Erasmusstudentar kan i tillegg velje emne frå LLM-programma ved universitetet.

Universitetet nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universitetet i Debrecen er eit offentleg ungarsk breiddeuniversitet med rundt 32 000 studentar. Det har eit breitt fagtilbod fordelt på 15 fakultet, og er kjent for god tilrettelegging for internasjonale studentar, særskilt innan medisin og helsefag. I tillegg til to større campusar i Debrecen og fleire mindre campusområde i områda rundt byen, har universitetet òg ei lita avdeling for basalmedisin i Geochang i Sør-Korea.

Debrecen ligg i regionen Hajdú-Bihar, nordaust i Ungarn, ikkje langt frå grensa mot Romania. Han er Ungarns nest største by, med om lag 205 000 innbyggarar, og er blant anna kjend for ein stor blomsterfestival som blir halde her i august kvart år.

Bustad

Universitetet har fleire studentbustader i nærleiken av campusområda, og gir internasjonale studentar prioritet så langt kapasiteten rekk. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden.

Semesterinndeling

September - februar og februar - juli.

Informasjon