Hjem

Utdanning

erasmus+

University of Szeged og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandUngarn
  • BySzeged
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket ved universitetet er i hovudsak er ungarsk, men det finst òg ei rekke emne med engelsk som undervisningsspråk. I tillegg finst det óg nokre få emne som blir underviste på tysk og fransk.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap.

nettsida for innreisande studentar til fakultetet finn du oversikt over emnetilbodet. Erasmus-studenter kan velge blant faga på bachelornivå.

Universitetet nyttar ECTS-systemet, og ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

University of Szeged er eit ungarsk offentleg breiddeuniversitet med om lag 31 000 studentar. Det har historie attende til 1872, men fekk si noverande form ved ei institusjonssamanslåing ved tusenårsskiftet. Eksempelvis blei Albert Szent-Györgyi Medical University då ein del av det medisinske fakultet ved University of Szeged. Universitetet har i alt 12 fakultet og eitt forskingsinstitutt fordelt på fleire campusområde i byen.

Szeged ligg nær Ungarn si sørlege grense ved breidda av elva Tisza. Det er Ungarns fjerde største by med om lag 170 000 innbyggarar. Utdanning og turisme er blant dei viktigaste næringane i Szeged, som òg blir kalla Solskinsbyen grunna det gode klimaet og det høge talet soltimar per år.

Bustad

Universitetet har ingen eigne studentbustader, men hjelper internasjonale studentar med å finne mellombels losji den første tida, viss det skulle bli aktuelt. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Szeged.

Semesterinndeling

September - januar og februar - juli.

Flott bygning
Foto:
© University of Szeged

Informasjon