Hjem
Utdanning
erasmus+

University of Trnava og Det samfunnsvitenskapelige fakultet (ERASMUS+)

  • LandSlovakia
  • ByTrnava
  • Studieplassar4
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Studentar ved Det samfunnsvitskaplege fakultet har fortrinn på plassane. Søkarar frå andre fagområde kan vurderast om det er ledige plassar. Det er krav om at du må ha tatt minst 60 studiepoeng ved utreise. Det er mogeleg å søke for eitt semester (oppstart vår), eller for eit heilt år (oppstart haust).

Når i studiet kan eg reise

For bachelorstudentar ved det samfunnsvitskapelege fakultet passar det vanlegvis best å reise ut for eit heilt eller halvt år mellom tredje og sjette semester. Sjå fakultetet si nettside for meir informasjon, råd og anbefalingar om utveksling.

Studentar frå andre fagområde: Ta kontakt med studierettleiaren for programmet du går på. Vanlegvis vil det passe best å reise ut i eit semester når du kan ta frie studiepoeng.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er slovakisk og engelsk. Universitetet anbefaler at du har forkunnskapar på B1-nivå (CEFR) i engelsk etter EU sine retningslinjer for språkkompetanse. Universitetet tilbyr språkkurs.

Kva emne kan eg ta

Ein fulltidsstudent skal ta 60 ECTS per år. På denne nettsida finn du ei oversikt over emnetilbodet ved universitetet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Det noverande University of Trnava er eit relativt lite offentleg universitet som blei grunnlagt i 1992. Det har fem fakultet og rundt 7500 studentar. Fakulteta for filosofi og humaniora, utdanning, helse- og sosialfag og rettsvitskap ligg i Trnava, medan fakultetet for teologi ligg i Bratislava.

Trnava er den største byen i den slovakiske regionen med same namn. Han ligg om lag 50 kilometer aust for Bratislava og 95 kilometer aust for Wien. Byen har vore ein viktig handelsstad opp gjennom historia, og dannar eit viktig kulturelt sentrum i regionen. Trnava har rundt 75 000 innbyggarar, og eit lågt kostnadsnivå samanlikna med Sentral-Europa elles.

Bustad

Universitetet tilbyr studentbustader for Erasmus-studentar. Dei fleste av bustadane er hyblar som ein deler med ein eller fleire andre studentar, og ligg om lag 20 minutts gange unna universitetet sin hovudcampus. Det er òg mogeleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Trnava.

Semesterinndeling

Oktober - januar/februar og februar- juni.

Grøn campus
Photo:
© Trnava University

Informasjon