Hjem

Utdanning

erasmus+

Christian-Albrechts-Universität zu Kiel og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByKiel
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke studentar med gyldig studierett på bachelorprogrammet i historie. Studieretten må være gyldig i den perioden du er på utveksling. Andre interesserte studentar kan og søkje, men blir prioriterte etter historie-studentane. Ein må ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har tatt 60 studiepoeng, kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er i hovudsak tysk.

Dersom du ikkje har nok tysk-kunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Du kan enten ta deler av spesialiseringa di eller du kan velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i graden ved dette universitetet.

Ønsker du å ta deler av spesialiseringa di må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande eitt eller fleire spesifikke emne i graden ved UiB. Vel du å ta frie studiepoeng kan du velje fritt mellom dei akademiske emna universitetet tilbyr. Emna kan ikkje overlappe med emne du har frå før.

Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studierettleiar@ahkr.uib.no

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Christian Albrecht Universität zu Kiel er eit offentleg universitet med rundt 25 000 studentar. Det har åtte fakultet og stor fagleg breidde, men fokuserer særskilt på forsking innan marine fag, smittsame sjukdomar, menneskeleg utvikling i landskap og nanovitskap. Universitetet har fire campusar i byen, den største ligg i Olshausenstrasse.

Kiel er ein nordtysk hamneby med rundt 250 000 innbyggarar, som ligg halvannan time med bil frå Danmark. Byen har mange flotte parkar og strender, og eignar seg godt for den som likar vass- og sjøsport. Nærleiken til havet gir òg grunnlag for universitetet sitt omfattande studietilbod innan maritime fag.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt senter som samarbeider med den lokale studentsamskipnaden om eit bustadtilbod for utvekslingsstudentar. Det finst studentheimar både på og utanfor campus. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Kiel.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Studentrapportar

2018

Vår 2018 – Integrert master i rettsvitskap

Vår 2018 – Integrert master i rettsvitskap

02.04.2018 - 30.07.2018

Førebuingar/praktiske tips

Kom like godt tidleg i gang med førebuingane og planlegging av utvekslingsopphaldet. Det er ein del skjema, papir og ulike system, så det kan vere viktig å setje av nok tid til å skaffe seg oversyn. Informasjonen til utvekslingselevane var stort sett på engelsk, men av og til på både tysk og engelsk. Ettersom at Kiel ligg så nært er det enklare med praktiske ting som reise og registrering. Du kan reise med båt eller tog, eller til flyplassen i Hamburg. Når du kjem til Kiel skal du registrere deg ved rådhuset og avdelinga Bürgeramt. I etterkant av dette vil det kome brev om kringkastingsgebyr, men her må ein finne informasjonen etter kvart.

Dersom du kjem i ei helg eller om kvelden er det noko som heiter Anreiseservice. Eg hadde problem med å få stadfesting, og kunne ikkje finne kontaktinformasjon til dei, så det vart mykje styr for meg i byrjinga. Når eg fyrst fekk tak i dei og det fungerte, var det eit svært godt tilbod. Du vert henta på kaia eller på jernbanestasjonen og får alt med ein gong. Når ein er heilt ny i Kiel er dette verkeleg eit godt tiltak. Alternativet verka å vere noko byråkratisk og tungvindt.

Som utvekslingsstudent i Kiel er det ein svært stor føremon om ein allereie kan tysk før ein kjem. Om ein korkje kan eller har det som mål å lære seg tysk ville eg haller ha reist til ein annan stad, jamvel om det var nokre utvekslingselevar som ikkje kunne noko tysk.

Eg var så heldig at eg fekk vere med på eit tyskkurs som vart arrangert av Deutsch-Norwegisches Studienzentrum (dnsz) dei fyrste to vekene i mars. Det varierer kor tid dei har kurs, men dette var heilt perfekt for å verte kjend med byen og universitetet på ein behageleg måte. Det var ein fin start på utvekslingssemesteret. Hadde det ikkje vore for dnsz hadde nok utvekslingsopphaldet mitt vore annleis. Det har vore heilt utruleg å kunne ha dnsz ved universitetet i Kiel. Eg vil oppmode om å take kontakt med dnsz med ein gong dersom du får plass i Kiel, soleis at dei er klar over at du kjem. Eg har fått vere med på språkkursa dei har hatt medan eg har vore i Kiel.

Ver merksam på at semesteret skil seg frå datoane heime.

Undervisningsformer

Udnervisingsformene er førelesingar i grupper på mellom ti og femti studentar. Førelesingane er stort sett strukturerte og relativt greie å fylgje. Dei vil typisk føreslå fleire bøker, så det er ikkje ei bok du må ha. Eg var svært nøgd med undervisingsformene. Det er mogleg å stille spørsmål under og etter førelesingane. Undervisinga er ein og ein halv time, utan pause. Det kan vere noko seigt når det ikkje er pause, og dette tek det ei stund å venne seg til.

Vurdering av emnetilbodet

Universitetet er kjend for internasjonal rett, og eg hadde berre internasjonale fag. Det kan vere lurt å finne fram til føreslegne fag for erasmusstudentar, så snart som råd. Det tok litt tid for meg, og i staden leita eg som etter nåla i høystakken inne i kurskatalogen. Eg hadde faga Europarecht 2, Völkerstrafrecht, Völkerrecht 2, Internationales Privatrecht og Internationales Seerecht (International Law of the Sea). International Law of the Sea vert undervist på engelsk, men ein kan stille spørsmål på tysk etter timen. Internasjonal privatrett vart undervist av ein svært sympatisk professor, så der var det behageleg å vere erasmusstudent. Om eg ikkje var den einaste utvekslingseleven i dei fleste faga, så var det i alle fall ikkje fleire enn ein til. Dei faga eg tok var heilt internasjonale, og soleis nyttige for vidare studiar og i alle fall om ein siktar seg inn på internasjonalt arbeid. Det er nok mogleg å spare seg mykje styr om ein finn desse faga med ein gong. Ver merksam på at eksamen vert siste timen i faget. På den eine sida vert det lett å planleggje, av di det er så føreseieleg, men på den andre sida kan ein ende opp med å få fleire eksamenar på ei veke. Når det er sagt, så skal det nemnast at dei har eksamen på to timar og eg opplevde eksamensstemninga som meir behageleg og mindre spend enn heime. I tillegg til desse jussfaga hadde eg tysk om kvelden og fonetikk gjennom Lektorat Deutsch als Fremdsprache. Dette kan eg verkeleg oppmode om å take del i. Her møter ein fleire internasjonale studentar i tillegg. Dette kunne vere noko uoversikteleg å melde seg på, men det fungerte svært godt når ein først kom inn i det.

Fagleg utbyte og språk

Eg vil seie at eg hadde eit godt utbyte av utvekslinga. Ettersom at eg tok internasjonale fag kan dette lettare kome til nytte seinare enn heilt spesifikk tysk rett. Dette var i alle fall min inngang på det heile, og eg vil seie meg nøgd med valet av fag. Professorane er ulike, og somme er lettare å skjøne enn andre. Ein skal prøve å lese litt etter kvart, så heng ein mykje betre med i timane.

Eg kunne allereie godt tysk då eg reiste ned til Kiel, så eg har ikkje utvikla språket så enormt. Dei eg har snakka med seier at det har vorte betre og at eg no kan snakke meir flytande, og med relativt god tysk uttale. Det var heilt fantastisk å kunne snakke tysk kvar einaste dag.

I dei fleste faga eg hadde stod det at ein burde ha nivå B1, men eg trur det vil vere krevjande å hengje med i timane om ein har så mykje lægre enn B2 eller C1, ettersom at dei fleste er på morsmålsnivå.

Utvekslingselevane har varierande tyskkunnskapar, men eg var ovverraska over kor mange som kunne godt tysk. Vi snakka stort sett tysk med kvarandre, og det gjekk stort sett som lingua franca.

Universitetsområdet og byen

Kiel er hovudstaden i forbundslandet Slesvig-Holsten (ty. Schleswig-Holstein), og har om lag 250 000 innbyggjarar. Om lag 85 prosent av byen vart bomba under og etter krigen, noko han framleis er prega av. Eg vil ikkje seie at det er ein kosleg by, og han har ikkje så mykje sjel. Områda og dei små byane utanfor er ofte mykje trivlegare. Storleiken er god i Kiel, så det har vore positivt. Utflukter er mogleg å få til, og det er eit svært godt utbygd jernbanenett. I tillegg er det bussar og båtar. I Kiel nyttar ein flyplassen i Hamburg.

Universitetet er prega av alder, og det er ikkje fasilitetar som air condition og liknande. Universitetet har to hovuddelar, men det går buss mellom. Bussen får du køyre gratis med når du har fått studentkortet. På universitetet er det to kantiner (Mensa). Her vert det servert heilt vanleg mat til ein heilt overkomeleg pris, så det er mogleg å ete her kvar vekedag, men ikkje i helgene.

Bustad

Du får tilbod om studentbustad som utvekslingselev. Eg nytta meg av dette tilbodet, av di det var sytalaust å kunne krysse av på eit skjema i staden for å nytte vinteren på å søkje etter bustad. Eg har høyrt at det kan vere vanskeleg å finne bustad på den private marknaden. Dei aller fleste utvekslingselevane budde på studenthyblar.

Standarden ligg nok under det ein kan vente seg i Bergen. Eg budde i Max-Kade-Haus og tykte det var låg standard, men heilt i orden for eitt semester. Eg fekk seinare høyre at dette var ein av dei betre studentbustadane. Der delte eg kjøken med tre tyske studentar og dusj med ein av dei. Rommet hade god storleik og ein delt balkong, men kjøkenet var lite og upraktisk. Leiga var om lag 230 euro i månaden.

Sosialt miljø

Heilt i byrjinga av semesteret var det ei veke som likna på ei fadderveke "Orientierungswoche". Denne var diverre plassert i påska, så eg hadde ikkje høve til å vere med. undervisinga starta stort sett ei veke etter semesterstart. Eg trur det kan vere lurt å vere med på orienteringsveka for å verte kjend med dei andre utvekslingselevane med ein gong. Det var litt mange utvekslingselevar til å verte kjend med alle, men det kan vere lurt å finne nokre. Det gjekk fint å finne folk gjennom tyskkursa der det stort sett berre er utvekslingselevar. Det internasjonale senteret har nokre "Totoren" som arrangerer noko av og til. Det vert arrangert reiser til nærområda, om lag tre eller fire reiser kvart semester. Desse er svært godt organiserte og held verkeleg høg kvalitet. Eg vil oppmode om å vere med på desse reisene. I tillegg er det nokre segleturar som vert arrangert av det internasjonale senteret, men her skal ein helst melde seg på i god tid for å vere trygg på å få plass.

Å kome i kontakt med tyske studentar er ikkje like lett. Dersom dei har vore på utveksling er det noko lettare, eller dersom dei kan nokre språk som du òg kan. Alle som lærer seg skandinaviske språk er stort sett interesserte i å få kontakt med skandinaviskspråklege, og eg var den einaste nordmannen på utveksling. Ein bør ikkje take utgangspunkt i at ein får så mykje å gjere med dei ein berre har jusfag saman med.

Flott bygning
Foto:
© Christian-Albrechts-Universität zu Kiel/Jürgen Haacks

Informasjon