Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität zu Köln og Det humanistiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByKöln
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar som går på lektorprogrammet i framandspråk (tysk).

Andre interessert kan og søkje, men blir prioriterte etter studentar med opptak til lektor i framandspråk, dersom det er fleire søkjarar enn ledige plassar.

Du må ha gyldig studierett på eit studieprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling. I tillegg må du ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Studentar på lektorprogrammet i framandspråk er det lagt til rett for at du kan ta det fjerde semesteret i utlandet.

Bachelorstudentar: Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen din. Vi tilrår at du reiser ut i 4, 5 eller 6 semester.

Masterstudentar: Vi tilrår utreise i 2. semester

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Det er ditt ansvar å sikre at du har godt nok språknivå før du reiser på utveksling. Vi vil derfor tilrå at sett deg godt inn i det språknivået som krevs på universitetet du skal til. Vi vil og tipse om UiB sitt tilbod om språktandem: to studentar ¿ to språk ¿ vi koplar dykk! Sjå https://www.uib.no/student/49474/spr%C3%A5ktandem for meir informasjon. Merk og at Lånekassen har eit eige stipend ein kan søkje på for å få dekka utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå vertsuniversitetet sine nettsider for informasjon om eventuelle språkkurstilbod for utvekslingsstudentar komande semester.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität zu Köln blei grunnlagt i 1388, og er eit av dei største og eldste universiteta i Tyskland. Dei 46 000 studentane kan velje i eit fagtilbod med alle dei klassiske universitetsdisiplinane. Dei fleste universitetsbygningane ligg i bydelen Lindenthal, vest for sentrumskjernen.

Köln er den fjerde største byen i Tyskland, med litt over ein million innbyggarar. Han ligg Nordrhein-Westfalen, men blir òg omtalt som «den nordlegaste byen i Italia» på grunn av det gjestmilde sosiale klimaet. Köln er kjend for Kölnerdomen, verdas største gotiske katedral, for karnevalet som blir halde i februar kvart år, for ølet Kölsch og for parfymen Eau de Cologne.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor ved kvart fakultet som hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad. Det finst fleire studentbustader her, som blir drifta av den lokale studentsamskipnaden. Det kan elles vere vanskeleg å finne bustad på den private marknaden i Köln.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Informasjon