Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität zu Köln og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByKöln
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Universitetet har tilbod om tyskkurs. Frå nettsidene til internasjonalt kontor kan du gå til ei eiga nettside med opplysningar om språkkurs.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Opplysningar om studietilbodet ved Rechtswissenschaftliche Fakultät finn du på denne nettsida.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Universitetet nyttar ikkje ECTS-systemet der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng, derfor må du rekne om frå lokale studiepoeng til ECTS-credits etter instruks frå vertsuniversitetet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität zu Köln blei grunnlagt i 1388, og er eit av dei største og eldste universiteta i Tyskland. Dei 46 000 studentane kan velje i eit fagtilbod med alle dei klassiske universitetsdisiplinane. Dei fleste universitetsbygningane ligg i bydelen Lindenthal, vest for sentrumskjernen.

Köln er den fjerde største byen i Tyskland, med litt over ein million innbyggarar. Han ligg Nordrhein-Westfalen, men blir òg omtalt som «den nordlegaste byen i Italia» på grunn av det gjestmilde sosiale klimaet. Köln er kjend for Kölnerdomen, verdas største gotiske katedral, for karnevalet som blir halde i februar kvart år, for ølet Kölsch og for parfymen Eau de Cologne.

Bustad

Universitetet har eit internasjonalt kontor ved kvart fakultet som hjelper utvekslingsstudentar med å finne bustad. Det finst fleire studentbustader her, som blir drifta av den lokale studentsamskipnaden. Det kan elles vere vanskeleg å finne bustad på den private marknaden i Köln.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Informasjon