Hjem
Utdanning
erasmus+

Justus Liebig-Universität Giessen og Det juridiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByGiessen
  • Studieplassar3
  • StudienivåBachelor og Master
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap, og som på tidspunktet for utreise har fullført alle emna i studieplanen til og med 3. studieår.

Når i studiet kan eg reise

Studentar som går på integrert masterprogram i rettsvitskap kan reise på utveksling i sitt femte studieår. Under utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva. Du vel sjølv kva rekkefølge du vil ta fjerde og femte studieår og kan dermed reise ut i verda allereie etter at du har fullført tredje studieår. I nokre utvekslingsavtaler er det likevel krav om at du må ha fullført fjerde studieår for å kunne få opptak. Under overskrifta "Kven kan søke" får du vite om det finst krav om å ha fullført fjerde studieår før utreise.

Språk

Undervisningsspråket er tysk. Nokre emne har undervisning på engelsk, men tilbodet er ikkje stort nok til å fylle eit heilt semester kun med emne som har undervisning på engelsk.Universitetet har tilbod om tyskkurs for utvekslingsstudentar. Dette finn du opplysningar om på denne nettsida. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.

Kva emne kan eg ta

Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godskrivne som spesialemne i mastergraden i rettsvitskap. Opplysningar om rettsvitskaplege emne finn du på denne sida.

Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Universitetet nyttar ikkje ECTS-systemet der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng. Derfor må du rekne om frå lokale studiepoeng til ECTS-credits etter instruks frå vertsuniversitetet.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Justus Liebig Universität Giessen (Uni Giessen) er eit offentleg breiddeuniversitet som blei grunnlagt på byrjinga av 1600-talet. Det har i dag elleve fakultet og rundt 26 500 studentar. Universitetet er kalla opp etter Justus Liebig, ein verdskjend kjemikar frå Giessen som blant anna fann opp bakepulveret, kloroform, og ulike variantar av kunstgjødsel.

Giessen har totalt om lag 80 000 innbyggarar og meir enn 40 000 studentar. Byen er praktisk innretta, med korte avstandar, og eit svært aktivt studentmiljø. Den nærmaste storbyen i området er Frankfurt am Main, som ligg tre kvarters reise sørover med tog eller bil.

Bustad

Universitetet har bustadgaranti for ERASMUS-studentar. Dei fleste studentbustadane ligg eit lite stykke utanfor sentrum. Universitetet kan òg hjelpe med informasjon til studentar som heller ønsker å finne bustad privat.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Franz E. Möller/Justus Liebig-Universität Giessen

Informasjon