Hjem
Utdanning
erasmus+

Justus Liebig-Universität Giessen og Det medisinske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByGiessen
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld berre for medisinstudentar.

Når i studiet kan eg reise

Kva tid det passar best å reise ut er avhengig av kva for eit semester du ønsker å utveksle i, og av at emnekombinasjonen ved vertsuniversitetet samsvarar nokolunde med emnekombinasjonen du har ved UiB i utvekslingssemesteret. I alle tilfelle er det eit krav at du må ha bestått eksamenar tilsvarande minst 60 studiepoeng før avreise.

Språk

Undervisningspråket ved universitetet er tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for innreisande studentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Du må velje emne som kan godkjennast som tilsvarande spesifikke emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Justus Liebig Universität Giessen (Uni Giessen) er eit offentleg breiddeuniversitet som blei grunnlagt på byrjinga av 1600-talet. Det har i dag elleve fakultet og rundt 26 500 studentar. Universitetet er kalla opp etter Justus Liebig, ein verdskjend kjemikar frå Giessen som blant anna fann opp bakepulveret, kloroform, og ulike variantar av kunstgjødsel.

Giessen har totalt om lag 80 000 innbyggarar og meir enn 40 000 studentar. Byen er praktisk innretta, med korte avstandar, og eit svært aktivt studentmiljø. Den nærmaste storbyen i området er Frankfurt am Main, som ligg tre kvarters reise sørover med tog eller bil.

Bustad

Universitetet har bustadgaranti for ERASMUS-studentar. Dei fleste studentbustadane ligg eit lite stykke utanfor sentrum. Universitetet kan òg hjelpe med informasjon til studentar som heller ønsker å finne bustad privat.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - juli/august.

Flott bygning
Foto:
© Franz E. Möller/Justus Liebig-Universität Giessen

Informasjon