Georg-August-Universität Göttingen og Det juridiske fakultet (ERASMUS+ - 3. studieår)
- LandTyskland
- ByGöttingen
- Studieplassar2
- StudienivåBachelor
- AvtaletypeErasmus+
Hovedinnhold
Om avtalen
Kven kan søke
Denne avtalen kan nyttast av studentar på 3. studieår av masterstudiet i rettsvitskap.
Når i studiet kan eg reise
Studentar som starta på det femårige masterprogrammet hausten 2021 eller seinare kan reise på utveksling i vårsemesteret på tredje studieår. Under utanlandsopphaldet tek du valfrie juridiske emne i staden for emna du ville studert om du var i Bergen.
I tillegg kan alle jusstudentar, både dei på femårig og dei på toårig masterprogram, reise på utveksling i sitt siste studieår. Under dette utanlandsopphaldet fullfører du spesialemna dine, og i nokre tilfelle også masteroppgåva.
Under overskrifta "kven kan søke" finn du ut om utvekslingsavtalen gjeld for studentar på tredje eller på femte studieår, eller begge.
Språk
Undervisningsspråket er tysk.
Universitetet har tilbod om tyskkurs for utvekslingsstudentar. Dette finn du opplysningar om på denne nettsida.
Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet.
Kva emne kan eg ta
Ved dette universitetet kan du ta juridiske emne som blir godkjente som valemne på 3. studieår.
Opplysningar om emnetilbodet innanfor rettsvitskap finn du på denne nettsida.
Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje har same innhald som emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare, ved UiB eller på utveksling.
Universitetet nyttar ikkje ECTS-systemet der ein ECTS-credit er det same som eitt studiepoeng. Derfor må du rekne om frå lokale studiepoeng til ECTS-credits etter instruks frå vertsuniversitetet.
Studieavgift
Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.
Om lærestaden
Om lærestaden og byen
Georg-August-Universität Göttingen er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 26 500 studentar og i alt 13 fakultet. Det har òg tre botaniske hagar og ei rekke tilknytte forskingssentre i regionen. Universitetet er blant dei viktigaste arbeidsgivarane i Göttingen, og har sine fakultet og bygningar spreidd rundt i byen.
Göttingen er ein nordtysk by i Niedersachsen, om lag ein times køyretur sør for Hannover. Her bur det om lag 130 000 innbyggarar. Landskapet i denne delen av landet er temmelig flatt, noko som gjer området rikt på jordbruk og veleigna for syklistar.
Bustad
Det finst fleire studentbustader i Göttingen, i hovudsak administrerte av den lokale studentsamskipnaden. Universitetet har eit bustadkontor som hjelper internasjonale studentar med å finne ein stad å bu.
Semesterinndeling
Oktober - februar og april - juli.
Informasjon
- Hjemmesidehttp://uni-goettingen.de/
- Korleis søkeRettleiing om Søknadsweb
- Send søknad herSøknadsweb
- Kode i Søknadsweb7198
- FagnavnJuridiske fag
