Hjem
Utdanning
erasmus+

Georg-August-Universität Göttingen og Det psykologiske fakultet (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByGöttingen
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Profesjonsstudentar i psykologi, og studentar på eit bachelorprogram ved Det psykologiske fakultet, som har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng før utreise.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i psykologi reiser ut i den valfrie delen av sitt studieprogram, og profesjonsstudentar i psykologi kan reise ut i sitt 5. eller 7. semester.

God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Språkkrav: B2

Dersom du ikkje har nok tyskkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Psykologi på lågere grad (BA) avhengig av tilbod og krav om forkunnskapar.

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Det er ein føresetnad at kursa du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har teke tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Dersom du er profesjonsstudent i psykologi og vil ta ein del av spesialiseringa di ved dette universitetet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande dei obligatoriske emna på 5. eller 7. semester av profesjonsstudiet ved UiB. Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med internasjonal koordinator ved fakultetet.

Emnetilbodet på bachelornivå er presentert her: https://www.uni-goettingen.de/en/39407.html

Studieavgift

Erasmusstudentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Georg-August-Universität Göttingen er eit offentleg breiddeuniversitet med rundt 26 500 studentar og i alt 13 fakultet. Det har òg tre botaniske hagar og ei rekke tilknytte forskingssentre i regionen. Universitetet er blant dei viktigaste arbeidsgivarane i Göttingen, og har sine fakultet og bygningar spreidd rundt i byen.

Göttingen er ein nordtysk by i Niedersachsen, om lag ein times køyretur sør for Hannover. Her bur det om lag 130 000 innbyggarar. Landskapet i denne delen av landet er temmelig flatt, noko som gjer området rikt på jordbruk og veleigna for syklistar.

Bustad

Det finst fleire studentbustader i Göttingen, i hovudsak administrerte av den lokale studentsamskipnaden. Universitetet har eit bustadkontor som hjelper internasjonale studentar med å finne ein stad å bu.

Semesterinndeling

Oktober - februar og april - juli.

Grøn campus
Photo:
© Georg-August-Universität Göttingen

Informasjon