Hjem
Studentsider
erasmus+

Universität Greifswald og Institutt for arkeologi, historie, kultur- og religionsvitenskap (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByGreifswald
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Hovedinnhold

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar med gyldig studierett på bachelorprogrammet i historie. Studieretten må være gyldig i den perioden du er på utveksling. Andre interesserte studentar kan og søke, men blir prioritert etter historie-studentane. Ein må ha tatt 60 studiepoeng før avreise.

Når i studiet kan eg reise

Etter at ein har tatt 60 studiepoeng, kan ein tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. God planlegging er viktig for eit utbyterikt utvekslingsopphald.

Språk

Undervisingsspråket er i hovudsak tysk.

Dersom du ikkje har nok tysk-kunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utreise, sjå uib.no for info om språkkurs og språktandem. Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Du kan enten ta deler av spesialiseringa di eller du kan velje emne som skal inngå som frie studiepoeng i graden ved dette universitetet.

Ønsker du å ta deler av spesialiseringa på utveksling må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande eitt eller fleire spesifikke emne ved UiB. Vel du å ta frie studiepoeng kan du velje fritt mellom dei akademiske emna universitetet tilbyr. Emna kan ikkje overlappe med emne du har frå før.

Du kan få faglege råd om emnevalet undervegs ved å ta kontakt med studierettleiar@ahkr.uib.no

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Ernst-Moritz-Arndt-Universität Greifswald, som vanlegvis blir kalla EMAU Greifswald, blei grunnlagt i 1456 og er eit av dei eldste universiteta i Nord-Europa. Det har om lag 13 000 studentar og fem fakultet. Universitetet satsar på tverrfagleg forsking, og samarbeider mykje med andre forskingsinstitusjonar i regionen.

Greifswald er ein kystby med rundt 60 000 innbyggarar, som ligg nordaust i den tyske delstaten Mecklenburg-Vorpommern. I perioden 1648-1815 var byen svensk, og her finst stadig eit sterkt samband med Skandinavia og skandinavisk kultur.

Bustad

Studentbustadane i Greifswald er drifta av den lokale studentsamskipnaden. Internasjonale studentar søker på linje med tyske studentar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Greifswald.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Informasjon