Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität Greifswald og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByGreifswald
  • Studieplassar1
  • StudienivåBachelor
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på bachelorprogrammet i tysk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor tysk språk, litteratur og kultur. Det er eit krav at du skal ha bestått eksamenar tilsvarande minst 60 studiepoeng før avreise. Du må òg ha gyldig studierett på eit bachelorprogram ved UiB i heile den perioden du er på utveksling.

Studentar på bachelorprogram i tysk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Bachelorstudentar i tysk: Det passar best å reise på utveksling i løpet av dei siste fire semestera av bachelorprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet ditt i kva semester du kan ta frie studiepoeng. det er vanlegvis då det passar best å reise ut.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå universitetet sine nettsider for informasjon om kva konkrete kurstilbod som finst for innreisande studentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivåmessig eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB. Dersom du skal ta delar av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Ernst-Moritz-Arndt-Universität Greifswald, som vanlegvis blir kalla EMAU Greifswald, blei grunnlagt i 1456 og er eit av dei eldste universiteta i Nord-Europa. Det har om lag 13 000 studentar og fem fakultet. Universitetet satsar på tverrfagleg forsking, og samarbeider mykje med andre forskingsinstitusjonar i regionen.

Greifswald er ein kystby med rundt 60 000 innbyggarar, som ligg nordaust i den tyske delstaten Mecklenburg-Vorpommern. I perioden 1648-1815 var byen svensk, og her finst stadig eit sterkt samband med Skandinavia og skandinavisk kultur.

Bustad

Studentbustadane i Greifswald er drifta av den lokale studentsamskipnaden. Internasjonale studentar søker på linje med tyske studentar. Det er òg mogleg å finne rimeleg prisa bustad på den private marknaden i Greifswald.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Informasjon