Hjem

Utdanning

erasmus+

Universität Hamburg og Institutt for fremmedspråk (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByHamburg
  • Studieplassar2
  • StudienivåMaster og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1-2 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld for alle studentar på masterprogrammet i tysk, og andre studentar som ønsker å ta emne innanfor tysk språk, kultur og litteratur. Du må ha gyldig studierett på eit bachelor- eller masterprogram ved UiB i heile perioden du er på utveksling.

Studentar på masterprogrammet i tysk blir prioriterte i fall det er fleire søkarar enn plassar.

Når i studiet kan eg reise

Masterstudentar i tysk: Det passar best å reise på utveksling i andre semester av masterprogrammet.

Studentar på andre studieprogram: Undersøk med studieprogrammet du går på i kva semester du kan ta frie studiepoeng. Det er vanlegvis då det passar best å reise på utveksling.

Språk

Undervisningsspråket er tysk.

Dersom du ikkje har nok tyskkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Lånekassen har eit eige stipend ein kan søke for å få dekt utgifter til førebuande språkkurs i utlandet. Sjå vertsuniversitetet sine nettsider for informasjon om kva kurstilbod som finst for utvekslingsstudentar i komande semester.

Kva emne kan eg ta

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Hamburg er eit ungt, men stort universitet. Det blei grunnlagt i 1919 og har i dag rundt 45 000 studentar fordelte på åtte fakultet. Det er eit typisk byuniversitet med 150 forskjellige bygningar spreidd ut over heile byen. Den største campusen er Von-Melle-Par, i bydelen Eimsbüttel. 

Hamburg er Tyskland sin nest største by og viktigaste hamneby. Hamburg sentrum er bygd rundt dei to innsjøane Binnenalster og Aussenalster, noko som gir byen eit ope og triveleg preg. I kraft av å vere ein urban by med to millionar menneske, har Hamburg eit svært godt kulturtilbod, til alle døgnets tider. Kostnadsnivået i Hamburg er relativt høgt.

Bustad

Studentbustadane i Hamburg er drifta av den lokale studentsamskipnaden. Ein kan søke om plass der samtidig som ein søker om studieopptak. Det kan vere stort press på den private bustadmarknaden rundt semesterstart, så den som ønsker å leige privat bør vere ute i god tid.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Informasjon