Hjem
Utdanning
erasmus+

Universität Hamburg og Institutt for geografi (ERASMUS+)

  • LandTyskland
  • ByHamburg
  • Studieplassar2
  • StudienivåBachelor, Master og PhD
  • AvtaletypeErasmus+
  • Lengde på opphald1 semester

Om avtalen

Kven kan søke

Avtalen gjeld i første rekke for studentar på bachelor- og masterprogrammet og PhD-kandidatar i geografi. Studentar frå andre studieprogram kan òg søke, men blir prioriterte etter geografistudentane dersom det er fleire søkarar enn plassar. Du må ha tatt minimum 60 studiepoeng før du kan reise på utveksling.

Når i studiet kan eg reise

Etter at du har bestått eksamenar tilsvarande 60 studiepoeng, kan du tilpasse utreisetidspunktet etter kva som passar med emna i utdanningsplanen. For bachelorstudentar tilrår vi utveksling i 4. og/eller 5. semester, når du kan ta frie studiepoeng. Masterstudentar i geografi må legge eit eventuelt utvekslingsopphald til 2. semester og finne emne som kan erstatte spesifikke emne i kursdelen av masterprogrammet ved UiB.

Språk

Undervisningsspråka ved universitetet er tysk og engelsk. Instituttet tilbyr emne med engelsk som undervisningsspråk på alle nivå.

Dersom du ikkje har nok språkkunnskapar, finst det fleire måtar å førebu seg språkleg på før utvekslingsopphaldet. Sjå UiB.no for informasjon om språkkurs og språktandem.

Hugs at eit utvekslingsopphald er ein unik sjanse til å skaffe seg språkkunnskapar du kan ha nytte av vidare i studia og i yrkeslivet.

Kva emne kan eg ta

Instituttet tilbyr bachelorgrad i geografi og master i «Global Transformations and Environmental Change». Dei har også ein internasjonal bachelorgrad i samarbeid med universitet i Taiwan, Sør-Afrika og Mexico. Alle studieprogramma har eit sterkt fokus på metode, spesielt GIS.

Forskinga fokuserer blant anna på:

  • klima og kyst
  • globaliseringsprosessar og regionalisering
  • miljø og samfunn

Bachelorstudentar: Dersom du skal ta frie studiepoeng, kan du velje emne fritt innanfor det fagfeltet som avtalen gjeld for. Dersom du skal ta deler av spesialiseringa di i utlandet, må du velje emne som kan godkjennast som tilsvarande emne ved UiB. Det er ein føresetnad at emna du vel ikkje overlappar nivå- eller innhaldsmessig med emne du har tatt tidlegare, eller planlegg å ta seinare ved UiB.

Masterstudentar: Dersom du skal ta emne i kursdelen av mastergraden din, må du finne emne som kan godkjennast som tilsvarande, eller som erstatning for emne i kursdelen i 2. semester av masterprogrammet ved UiB.

Studieavgift

Erasmus-studentar betaler ikkje studieavgift ved vertsuniversitetet, men skal registrere seg og betale semesteravgift ved UiB for heile den tida dei er ute.

Om lærestaden

Om lærestaden og byen

Universität Hamburg er eit ungt, men stort universitet. Det blei grunnlagt i 1919 og har i dag rundt 45 000 studentar fordelte på åtte fakultet. Det er eit typisk byuniversitet med 150 forskjellige bygningar spreidd ut over heile byen. Den største campusen er Von-Melle-Par, i bydelen Eimsbüttel. 

Hamburg er Tyskland sin nest største by og viktigaste hamneby. Hamburg sentrum er bygd rundt dei to innsjøane Binnenalster og Aussenalster, noko som gir byen eit ope og triveleg preg. I kraft av å vere ein urban by med to millionar menneske, har Hamburg eit svært godt kulturtilbod, til alle døgnets tider. Kostnadsnivået i Hamburg er relativt høgt.

Bustad

Studentbustadane i Hamburg er drifta av den lokale studentsamskipnaden. Ein kan søke om plass der samtidig som ein søker om studieopptak. Det kan vere stort press på den private bustadmarknaden rundt semesterstart, så den som ønsker å leige privat bør vere ute i god tid.

Semesterinndeling

Oktober - mars og april - august.

Flott bygning
Foto/ill.:
© Universität Hamburg/Schell

Informasjon